Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
18.11.2025Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6452920Se här för andra jobb från Øygarden kommune
Øygarden kommune
Helsefagarbeider 20% helg, Blombakkane bustader
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga:
Blombakkane bustader yter heildøgns omsorgstenestar til 9 personar med psykisk utviklingshemming og ulike bistandsbehov. Blombakkane bustader ligg sentralt på Straume med gangavstand frå Straume bussterminal. Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, kor trivsel, sjølvråderett, tillitsskapande arbeid og meistring tilleggas stor vekt. Vi er ein flott og tverrfagleg samansett personalgruppe beståande av vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar, helsefagarbeidarar og assistentar. Arbeidsmiljøet er prega av tett samarbeid og derav stor kollegastøtte til kvarandre, noko vi set høgt. Vi har no ein ledig 20% fast helgestilling. Årsturnus ligg med ordinære vakter, og arbeid kvar 3 helg. Moglegheit for neste års turnus med lange vakter og arbeid kvar 4 helg.
Vi søkjer deg som brenn for å sikre gode tjenestar til menneske med utviklingshemning. Du er fagleg engasjert, liker å ta ansvar og arbeide for god kvalitet i tjenesta vår i samarbeid med andre.
Arbeidsoppgåver:- Observasjon, rettleiing, motivering, gjennomføring og evaluering av tiltak tilpassa aktuelle bebuarar
- Omsorg og miljøarbeid i tenesta til den enkelte
- Primær/sekundærkontakt - oppgåver
- Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå avdelingsleiar.
- Ønskjeleg med fagbrev innan helse. Søkjarar med andre kvalifikasjonar kan også verta vurdert.
- Erfaring med liknande arbeid
- Sertifikat klasse B
- Trygg
- Løysingsorientert
- Fleksibel
- Strukturert
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Avd.leiar Blombakkane Bustader
Daniel Savic Røed. Tlf: 48 99 18 64. Epost: Daniel.Roed@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
18.11.2025Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6452920Se här för andra jobb från Øygarden kommune