• Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    06.10.2024
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Balestrand
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5882317
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune
Vacancy

Sogndal kommune

Helsefagarbeidarar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Me ynskjer fleire dyktige helsefagarbeidarar til  Balestrand helsetun og heimetenesta.

 

No er det ledige stillingar, og me håpar du vil bli vår nye kollega!

 

Som helsefagarbeidar på Balestrand helsetun og heimeteneste blir du del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Vi bryr oss om våre tilsette, og at dei skal ha det godt og trivast på jobb. Dei som vert tilsett vil difor sjølvsagt få tett oppfølging og god opplæring, og vil bli tatt godt imot.

 Balestrand helsetun består av tre små einingar med inntil 8 pasientar på kvar eining. Heimetenesta ligg i tilknyting til helsetunet og ein har eit tett samarbeid. I same bygget ligg også legevaktsatellitten, fysio/ergo-tenesta, omsorgsbustadar og bu og miljøtenesta.

Me har stor breidde i oppgåvene og i bebuarane og pasientane våre, og me jobbar med alt frå rehabilitering til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande med varierte oppgåver.  

Om stillingane

Balestrand helsetun og heimeteneste har ledig følgjande stillingar som helsefagarbeidar:

  • 2 x 100% fast stilling for tida på helsetunet
  • 80 % vikariat ledig 01.09.25 på helsetunet
  • 52 % vikariat til 01.09.25 på helsetunet
  • 100% vikariat i tredelt turnus ledig frå d.d. til 04.01.26 i heimetenesta

 

Vernepleiarar vil og bli vurdert for stillingane. Stillingane er ledige frå snarast. Alle stillingane er i turnus med 3. kvar helg. Det er moglegheit for å legge til rette for berre nattevakter i nokon av stillingane om ein ynskjer det.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar på sjukeheim
  • Medansvarleg for at det vert laga og gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den enkelte brukar, sjukepleiar og behandlingsteam
  • Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet
  • Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut ifrå retningslinjer
  • Rettleia og følgje opp elevar og lærlingar
  • Med på prosjekt og gruppearbeid for å fremme fagkompetanse og kvalitet i pleie
  • Vere medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø

 

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent hjelpepleier/helsefagarbeidar/vernepleiar med norsk autorisasjon
  • Kjennskap til dokumentasjonsprogrammet Gerica er ein fordel
  • Ønskjeleg med relevant erfaring innan demens, geriatri/psykiatri eller rehabilitering
  • Beherske norsk, skriftleg og munnleg

 

Personlege eigenskapar:

  • Løysingsfokusert
  • Fagleg engasjert med interesse for eldreomsorg
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt.
  • Personlege eigenskapar vil verte vektlagde

 

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Godt fagleg miljø
  • Årsturnus
  • Løn etter tariff

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

 

  • Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    06.10.2024
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Balestrand
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5882317
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune