Company
Sogndal kommuneApplication deadline
01.10.2023Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
, Balestrand
SOGNDAL
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
5347566Look here for other jobs from Sogndal kommune
- Updated 30.09.2023
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Sogndal kommune
Helsefagarbeidarar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Me ynskjer fleire dyktige helsefagarbeidarar til Balestrand helsetun.
No er det ledige stillingar, og me håpar du vil bli vår nye kollega.
Som helsefagarbeidar på Balestrand helsetun blir du del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Vi bryr oss om våre tilsette, og at dei skal ha det godt og trivast på jobb. Dei som vert tilsett vil difor sjølvsagt få tett oppfølging og god opplæring, og vil bli tatt godt imot.
Balestrand helsetun består av tre små einingar med inntil 8 pasientar på kvar eining. I tilknyting til helsetunet ligg både heimetenesta, legevaktsatellitten, fysio/ergo-tenesta, omsorgsbustadar og bu og miljøtenesta.
Me har stor breidde i oppgåvene og i bebuarane og pasientane våre, og me jobbar med alt frå rehabilitering til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande med varierte oppgåver.
Om stillingane
Balestrand helsetun har ledig følgjande stillingar:
- Helsefagarbeider 70% fast stilling på natt.
- Helsefagarbeider 100% fast stilling i tredelt turnus.
Vernepleiarar vil og bli vurdert for stillingane. Ledig frå snarast.
Arbeidsoppgåver:
- Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar på sjukeheim og heimebuande.
- Medansvarleg for at det vert laga og gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den enkelte brukar, sjukepleiar og behandlingsteam.
- Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet.
- Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut ifrå retningslinjer.
- Rettleia og følgje opp elevar og lærlingar.
- Med på prosjekt og gruppearbeid for å fremme fagkompetanse og kvalitet i pleie.
- Vera medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar:
- Godkjent hjelpepleier/helsefagarbeidar/vernepleiar med norsk autorisasjon.
- Kjennskap til dokumentasjonsprogrammet Gerica er ein fordel.
- Ønskjeleg med relevant erfaring innan demens, geriatri/psykiatri eller rehabilitering.
- Beherske norsk, skriftleg og munnleg.
- Heimetenesta har krav om førarkort kl.B.
Personlege eigenskapar:
- Løysingsfokusert.
- Fagleg engasjert med interesse for eldreomsorg.
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt.
- Personlege eigenskapar vil verte vektlagde.
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Godt fagleg miljø
- Løn etter tariff
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette
arbeidsforholda dersom du har behov for det. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at ifølgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Company
Sogndal kommuneApplication deadline
01.10.2023Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
, Balestrand
SOGNDAL
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
5347566Look here for other jobs from Sogndal kommune
- Updated 30.09.2023