Company
Alver kommuneApplication deadline
20.06.2021Form of employment
workTime.HelgIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
3923700Look here for other jobs from Alver kommune
- Updated 11.06.2021
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Alver kommune
Helsefagarbeidar/student - 11%, 27,11 % og 30,52 % fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Vi har 3 ledige helgestillingar ved Storhaugen bufellesskap. To av stillingane er med arbeid kvar 3. helg, og ei stilling har arbeid kvar 6. helg. Den ene stillinga med arbeid kvar 3. helg har arbeid fredag, laurdag og sundag, medan den andre stillinga har arbeid laurdag og sundag og senvakt annakvar fredag i arbeidshelga. Oppstart for stillingane er medio august, eller etter avtale med avdelingsleiar.
Om Storhaugen bufellesskap
Storhaugen bufellesskap ligg sentralt i Knarvik og er ein bustad for 7 personar med ulike bistandsbehov. Målet er å gje tenester av høg kvalitet for å sikre ein best mogleg kvardag for den einskilde. Det er eit godt sted å vere ny, og de tilsette vert teken godt imot. Arbeidsmiljøet preges av sterkt engasjement for bebuargruppa og godt humør.
Arbeidsoppgåver
- Leggje til rette for aktivitetar og for at kvar einskilde skal kunne meistre eigen kvardag
- Følgje opp rutinar
- Dokumentere i pasientjournalsystemet Profil
Kompetanse
Krav til kompetanse
- Helsefagarbeidar eller student innan helsefaglege og pedagogiske studieretningar
- Sertifikat klasse B
Andre med relevant erfaring oppmodes og til å søkje.
Personlege eigenskapar
Du er engasjert, fleksibel og har erfaring frå brukargruppa. I tillegg er du ikkje redd for å by på deg sjølv. Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø og har eit ønskje om å gjere ein positiv forskjell i andre sitt liv.
Personelge eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
Ein variert arbeidskvardag med interessante faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø
Løn etter gjeldande tariffavtale
God pensjonsordning
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Company
Alver kommuneApplication deadline
20.06.2021Form of employment
workTime.HelgIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
3923700Look here for other jobs from Alver kommune
- Updated 11.06.2021