Company
Alver kommuneApplication deadline
12.06.2023Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5214490Look here for other jobs from Alver kommune
- Updated 31.05.2023
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Alver kommune
Helsefagarbeidar/sjukepleie-/vernepleiestudent/assistent - 17, 18 og 19 % fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Er du sjukepleie- eller vernepleiestudent? Er du helsefagarbeidar som ønskjer helgestilling ved sidan av studiet? Eller er du ein person som brenn for å arbeide med helse? Vi har ledig 2 faste helgestillingar på 17, 18 eller 19 % med arbeid kvar 3. helg, og ønskjer å ha deg med på laget!
Om Frekhaug heimeteneste
Heimetenesta avdeling Frekhaug har to kontor; på Frekhaug og på Vikebø. Desse stillingane er knytt mot kontoret på Frekhaug. Det er 60 tilsette i avdelinga. I avdelinga arbeidar det sjukepleiarar, helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar og assistentar. Vi gjev tenester til personar busett på Flatøy og Holsnøy.
Arbeidsoppgåver
Den som arbeider i helgestilling i heimetenesta kan ha arbeidsoppgåver som hjelp til personleg hygiene, påkledning, forflytning og måltider. Kvardagen hos oss er variert, med stor grad av sjølvstende og fagleg utvikling. Heimetenesta samarbeidar tett med ulike fagmiljø og legg vekt på tverrfagleg samarbeid. Siste åra har det vore ei stor satsing på velferdsteknologi og kvardagsmeistring. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil.
Kompetanse
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Sjukepleie-/vernepleiestudent
- Førarkort klasse B er eit krav
- Personar med anna helsefagleg kompetanse kan bli vurdert til stillinga
Assistentar/ufaglærte kan også søkje.
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer oss deg som:
- trivst med å arbeide sjølvstendig
- har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
- er løysingsorientert og fleksibel
- er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga
- har ønskje om å bruke faget til det beste for brukarane
Vi tilbyr
- Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Fagleg utvikling
- Årsturnus
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Pensjonsordning
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav til tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.
Company
Alver kommuneApplication deadline
12.06.2023Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5214490Look here for other jobs from Alver kommune
- Updated 31.05.2023