• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    20.04.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Helg
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3697487
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 19.04.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Helsefagarbeidar/sjukepleiarstudent - 2 faste helgestillingar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledig 2 faste helgestillingar som helsefagarbeidar frå 01.06.21. Sjukepleiarstudentar kan og vere aktuelle for stillingane. 

Om Alversund/Seim heimeteneste

Avdeling Alversund/Seim har base i Isdal og der arbeider sjukepleiarar, hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar og assistentar. Vi gjev tenester til brukarar i eigen heim i områda med postadresse Alversund og Seim.

Arbeidsoppgåver

Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Kvardagen hos oss er variert, med stor grad av sjølvstende og fagleg utvikling. Heimetenesta samarbeider tett med ulike fagmiljø og legg vekt på tverrfagleg samarbeid. Siste åra har det vore ei stor satsing på velferdsteknologi og kvardagsmeistring. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil.

Kompetanse

Krav til kompetanse

  • Autorisert helsefagarbeidar
  • Sjukepleiarstudent
  • Sertifikat klasse B

Personlege eigenskapar
(Våre forventingar til deg):

  • Du er inspirerande og engasjert
  • Du kan prioritere i ein travel kvardag
  • Du har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
  • Du kan skape arbeidsglede i ein hektisk kvardag
  • Du er løysningsorientert, påliteleg og fleksibel
  • Du er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga
  • Du må ha evne til å arbeide sjølvstendig
  • Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Fagleg utvikling
  • Årsturnus
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Pensjonsordning

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    20.04.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Helg
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3697487
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 19.04.2021