Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
01.06.2025Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
6009683Se här för andra jobb från Øygarden kommune
Øygarden kommune
Helsefagarbeidar, sjukepleiar -/vernepleiarstudent fast 15% - 20 %
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du vår nye medarbeidar i eit spennande, triveleg og utviklande arbeidsmiljø?
Ønskjer du deg fast stilling, med gode kollegaer og varierte oppgåver? No søkjer vi etter deg som er engasjert, fleksibel og har fokus på høg kvalitet for brukarane våre
Som helgearbeidar hjå oss får du jobbe i eit tverrfagleg team i eit kunnskapsrikt og inkluderande arbeidsmiljø. Vi har god helsefag- og sjukepleiarkompetanse der vi har fokus på omsorg og tryggleik for våre pasientar og samt gi daglege aktivitetar til brukarane.
Vi har stort fokus på og at vi er kvarandre sitt arbeidsmiljø kor vi skal ha det kjekt i lag på jobb, og du vil garantert bli tatt godt i mot som vår nye medarbeidar.
Om avdelinga :Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar; somatisk og demens. Til dementavdeling er det og knytt til fire omsorgsbustader med heildøgnsomsorg. Vi har fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande fase og i ei palliativ fase. Vi arbeidar tverrfagleg for å møte pasientane sine behov og kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 – 10 pasientar. Sundheimen har i hovudsak langtidspasientar. I tillegg har vi ein aktivitør ein dag i veka og frivillige som hjelper oss med aktivitetar som bingo, andakt og besøksvenn kvar veke. Vi ønskjer det beste for våre brukarar og legg til rette for kjekke aktivitetar i kvardagen.
Arbeidsoppgåver:- Pasientretta oppgåver i sjukeheimsavdeling der vi gir ein heilskapleg omsorg med oppgåver som stell, pleie og miljøarbeid.
- Dagleg avdelingsarbeid
- Ha fokus på pasientar og bidra til tverrfagleg samarbeid
- Delegert ansvar for medikamenthandtering blir vurdert
- Dokumentasjon i gjeldande fagsystem
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- God digital kompetanse
- Ønskeleg med fagbrev i helsefag eller er student i helsefag/sjukepleie
- Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
- Erfaring med arbeid med eldre
- Ønsker å jobbe med eldre, sjuke menneske
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- Du er lærelysten, tar ansvar og nyttar kunnskap i praksis
- Du er løysningfokusert, engasjert, kompetent, fleksibel og positiv
- Ønsker om å skape gode augneblikk for pasientar
- Gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
- Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive
- Du er trygg og tydeleg i dialog med pårørande
- Du er open for nye utfordringar
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Anna:Stillingane inngår i årsplan med 16 arbeidshelger pr år. Det vil vere fortløpande tilsetjing .
Vi tilbyr:- Fast 15- 20 % stilling, Stilling kan aukast med fleire helger om ønskeleg. Ønskje om langvakter vil bli vurdert
- Eit godt arbeidsmiljø, dyktige kollegaer og ein arbeidsplass der me kan leggje til rette for fagleg utfordringar og utvikling
- Gratis parkering
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA bedrift
- Høve til personleg utvikling
Kontakt:
Avdelingsleiar somatisk avdeling : Silje Skagen Heimdal , 56160400 / 96942550 Silje.Skagen@oygarden.kommune.no
Einingsleiar : Janne Thode , 56150400 /45044569 janne.thode@oygarden.kommune.no
Vi ynskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre tilsett skal splegle att folkesetnaden. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å legge til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette
Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
01.06.2025Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
6009683Se här för andra jobb från Øygarden kommune