Företag
Alver kommuneAnsökningstiden
04.07.2022Anställningsform
workTime.NattBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4680336Se här för andra jobb från Alver kommune
- Uppdaterad 23.06.2022
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Alver kommune
Helsefagarbeidar/sjukepleiar - 60 % fast natt
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Vi har ledig 60 % fast stilling på natt for deg som er helsefagarbeidar eller sjukepleiar. Stillinga inneber jobb i snitt kvar 3. helg.
Du skal jobbe tett opp mot ein brukar som har heildøgnsteneste frå heimetenesta. Saman med det faste teamet arbeidar du for å gje brukaren ein best mogleg kvardag med dei føresetnader hen har.
Om Knarvik Nord Aust
Heimetenesta avdeling Knarvik Nord Aust har base i Geco-bygget i Knarvik. Vi har brei fagleg samansetjing der sjukepleiarar, hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar og assistentar arbeidar saman for å løyse stadig aukande og spanande oppgåver. Avdelinga er i vekst med eit stort geografisk område der vi får eit aukande tal brukarar i alle aldrar som treng hjelp. Vi arbeidar tett med dei 6 andre heimetenestene i Alver for å utvikle tenestene til det beste for brukarane.
Arbeidsoppgåver
Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Tenestene femnar mellom anna om heimesjukepleie, heimehjelp, middagslevering og administrasjon av medisinar. Det er er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta.
Som helsefagarbeidar eller sjukepleiar i team skal du utføre forsvarleg helsehjelp i tråd med fastlagte rutiner. Du arbeidar tett med ein brukar som har behov for døgnkontinuerleg teneste, og skal leggje til rette for at brukaren får ein best mogleg kvardag med sine føresetnader.
Kompetanse
Krav til kompetanse
- Autorisasjon som helsefagarbeidar eller sjukepleiar
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer at du
- er inspirerande og engasjert
- trivst med å arbeide sjølvstendig og som del av team
- har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
- kan skape arbeidsglede i ein hektisk kvardag
- er fleksibel
- ser løysingar framfor problem
- er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga
- har erfaring frå team
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskaper og eignaheit. Du må ha gode evner til samarbeid og kommunikasjon, samstundes som at du kan arbeide sjølvstendig. Du må vere køysningsorientert og trygg i utøving av ditt arbeid opp mot brukar/pårørande og kollega.
Vi tilbyr
- Ein aktiv kvardag med mange spanande og varierte utfordringar
- Dyktige kollegaer og høg kompetanse
- Fagleg utvikling
- Tilsetjing i samsvar med lov- og avtaleverk
- Pensjonsordning
- Årsturnus
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Bli kjent med Alver kommune
Företag
Alver kommuneAnsökningstiden
04.07.2022Anställningsform
workTime.NattBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4680336Se här för andra jobb från Alver kommune
- Uppdaterad 23.06.2022