Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
11.03.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6536970Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
Fjaler kommune
Helsefagarbeidar og miljøterapeut til tiltak i Miljøtenesta 100 % faste stillingar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du jobbe for gode tenester til personar med utviklingshemming, og legge til rette for meistring, aktivitet og trivsel? Då kan du vere personen vi ser etter.
Miljøtenesta har no ledig to 100 % faste stillingar, ei stilling som helsefagarbeidar og ei stilling som miljøterapeut. I Miljøtenesta vil du jobbe langvakter og døgnvakter, vi har årsturnus. Vi håper du tek kontakt eller sender oss ein søknad. Vi gler oss til å fortelje deg meir om korleis det er å vere ein del av tenesta vår, og korleis dei dyktige tilsette hos oss jobbar godt og målretta med miljøarbeid.
- Sikre at det vert utført fagleg forsvarleg tenesteyting til den einskilde brukar
- Bidra til utvikling og meistring gjennom gode opplevingar
- Planlegge og gjennomføre aktivitetar med brukar
- Samarbeid og ivaretaking av brukarar og pårørande
- Tverrfagleg samarbeid
- Journalføring og dokumentasjon
- Bidra til utvikling og meistring gjennom gode opplevingar
Kvalifikasjonar
- For stillinga som helsefagarbeidar er det krav om autorisasjon som helsefagarbeidar. Relevant erfaring kan kompensere for manglande autorisasjon.
- For stillinga som miljøterapeut er det krav om 3-årig høgskuleutdanning anten som vernepleiar, sjukepleiar eller pedagogisk utdanning. Anna 3-årig utdanning kan bli vurdert
- førarkort kl. B
- den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding
- god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- gode samarbeidsevner
- sjølvstendig
- god norsk kommunikasjonsevne både munnleg og skriftleg
- du må bidra aktivt til eit positivt arbeidsmiljø
- engasjement for miljøarbeid for personar med utviklingshemming
Vi legg vekt på at du er personleg egna til stillinga
Vi tilbyr
- introduksjonsprogram for nytilsette
- løn etter utdanning og erfaring
- lode pensjonsordningar
- rabatterte forsikringar i KLP
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
11.03.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6536970Se her for andre jobber fra Fjaler kommune