Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
10.12.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5447302Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 30.11.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sogndal kommune
Helsefagarbeidar og heimehjelp/assistent
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Me har bruk for hendene dine. Hendene dine som kan gi omsorg og hjelp til våre eldre og pleietrengande innbyggjarar. Har du i tillegg eit fagbrev som helsefagarbeidar har du med deg teoretisk kompetanse om korleis du kan gje dei eldre ein kvardag som er helsefremjande og trygg.
Dei ledige stillingane er plassert i dei tre vakre bygdene våre, Balestrand, Leikanger og Sogndal.
Leikanger Sjukeheim
- Helsefagarbeidar 80% fast stilling, ledig frå d.d.
Leikanger heimeteneste
- Heimehjelp 50% fast stilling
- Helsefagarbeider 2 x 13,85% fast helgestilling
Balestrand
- Helsefagarbeider 100% fast stilling
- Helsefagarbeider 100% vikariat frå d.d. – mai 24.
- Helsefagarbeider 70% fast stilling på natt.
Dette vil vere nokre av oppgåvene dine som helsefagarbeidar:
- Den viktigaste oppgåva di vil vere å gje heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar på sjukeheim eller i bebuar sin heim.
- Du vil vere medansvarleg for at det vert laga og gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den enkelte bebuar, pårørande og behandlingsteam.
- Det er viktig for oss at bebuarane våre har det bra, og me håpar at du kan bidra til at dei får aktivitet og omsorg som fremjar livskvaliteten deira.
- Me ser stadig etter meir effektive og rasjonelle måtar å utføre arbeidet vårt på, blant anna ved å ta i bruk velferdsteknologi. Me har eit ønskje om at du også kan bidra inn i det arbeidet.
For å jobbe som helsefagarbeidar har me behov for at du har desse kvalifikasjonane:
- Du må vere godkjent hjelpepleier eller helsefagarbeidar med norsk autorisasjon.
- Me treng også at du kan kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg.
Dersom du har relevant erfaring eller vidareutdanning innan demens, geriatri/psykiatri eller rehabilitering er me svært takknemleg for å få søknad frå deg.
Dersom du er ufaglært, men vil gjere ein innsats for våre eldre, er du også velkommen til å sende inn ein søknad. Me har mange oppgåver som du kan utføre også.
Me er på leit etter helsefagarbeidarar med desse personlege eigenskapane:
- Du ser løysingar på utfordringar og er positiv til ein hektisk kvardag.
- Me håper at du kjenner deg fagleg sterk og at du er trygg i rolla som helsefagarbeidar.
- Det er viktig for oss at du evnar å arbeide sjølvstendig og at du tek ansvar.
- Me håpar at du er endringsvilleg og at du kan bidra positivt inn i endringsprosessar.
Som tilsett hjå oss er dette noko av det me kan tilby deg:
- Ein jobb som vil utfordre deg, men samtidig vil du kjenne på at jobben du gjer er svært meiningsfull.
- Du vil kjenne på at arbeidsmiljøet vårt er trygt og du har kollegaer å samhandle med.
- Me er fleksibel på turnusen og ønskjer å tilpasse oss etter dine ønskjer og behov.
- Sogndal kommune er kjent for å ha gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Me har treningstilbod for våre tilsette.
No håper me at dette er interessant for deg og at du ønskjer å sende oss ein søknad. Det å jobbe med eldre er givande og meiningsfullt og det håpar me at du også tykkjer.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
10.12.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5447302Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 30.11.2023