Företag
Fjaler kommuneAnsökningstiden
24.10.2024Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5909381Se här för andra jobb från Fjaler kommune
Fjaler kommune
Helsefagarbeidar i Heimetenesta 100 % fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi er interessert i å finne gode løysingar i oppgåvene vi utfører for dei som treng det mest. Deler du denne interessa og vil bli ein del av vårt team?
Fjaler kommune har ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidar, fortida med arbeidsstad i heimetenesta. Som helsefagarbeidar vil du ta del i tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg. Vi nyttar årsturnus over 52 veker med start i månadsskifte februar/mars. Heimetenesta jobbar med innføring av langvakter med då arbeid kvar 4. helg. Ordninga er frivillig.
Våre tenester er tilpassa ny organisering for å møte framtidas behov, og vi har mange spanande oppgåver. Det er oppretta ressursgrupper på tvers av einingane i kommunen innan ulike tema som rehabilitering, ernæring og diabetes, kreft, velferdsteknologi og demens. Dette for å få ytterlegare kompetanse innan dei ulike fagfelta.
Arbeidsoppgåver
- Delta i det daglege arbeidet slik at eininga sine arbeidsoppgåver vert utført på ein smidig og god måte
- Sikre at det vert utført fagleg forsvarleg tenesteyting til den einskilde brukar
- Medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø i eiga avdeling og til eit godt samarbeid med dei andre einingane
- Jobbe kunnskapsbasert
- Bidra til auka fagleg utvikling
- Tverrfagleg oppfølging
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Førarkort klasse B
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Sjølvstendig
- God på kommunikasjon
- Evne til å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør
- Engasjement for eldreomsorg
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
- Introduksjonsprogram for nytilsette
- Ein variert og kjekk kvardag
- Løn etter sentralt lønns- og stillingsregulativ
- Innmelding i pensjonsordning
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for unntak frå offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Företag
Fjaler kommuneAnsökningstiden
24.10.2024Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5909381Se här för andra jobb från Fjaler kommune
-
Tilkallingsvikar
Sogndal kommune
Balestrand -
Tilkallingsvikar
Sogndal kommune
Leikanger -
Helsefagarbeidar i Miljøtenesta 100 % fast stilling
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD -
Sjukepleiar 100% * 2 vikariat
Øygarden kommune
STRAUME -
Tilkallingsvikarar og helgevikarar - Omsorgsetaten
Askvoll kommune
ASKVOLL