• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    19.01.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5337, RONG
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6001571
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Ledig stilling

Øygarden kommune

Helsefagarbeidar/hjelpepleiar fast stilling Demens avdeling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om Tednebakkane omsorgssenter

Tednebakkane Omsorgssenter ligg i naturskjønne omgjevnader med utsikt mot Hjeltefjorden på Rong i Øygarden Kommune. Vi er ein liten sjukeheim med ein somatisk avdeling ein demensavdeling og ein skjerma eining med til saman 45 sengeplassar. I tillegg har vi eit dagtilbod med opp til 12 plassar.

Vi har eige kjøkken og kantine. Fagdekninga er god og trivselen er i fokus.

Ønskjer du å være ein del av vårt trivelege fellesskap, er du hjarteleg velkomen til å søkje jobb hjå oss

Vi har no ledig fleire faste helsefagarbeidarstillingar, på 80%, 70% og 60% på demensavdeling med moglegheit for oppstart snarast mogleg.

Arbeidsoppgåver:
  • Hjelpe våre bebuarar i det daglege
  • Sjå den enkelte bebuar sitt hjelpebehov
  • Fremme aktivitet og det sosiale i avdelinga.
  • Primærkontakt for bebuarar
  • Medisinansvar
Kvalifikasjonar:
  • Autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
  • Ønskjeleg med erfaring frå arbeid knytt til helse og eldreomsorg, men dette er ikkje eit krav.
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Personleg eigenskap vert vektlagd
Personlege eigenskapar:
  • Gode samarbeidsevner.
  • Kunne jobbe sjølvstendig så vel som i team.
  • Godt humør, være open, ærleg og lojal.
  • Være glad i å jobbe medmenneske og engasjement for eldreomsorg.
Anna:  

Vi har årsturnus med arbeid kvar 3. helg. Det vil være mogleg å ønske langvaktar med arbeid kvar 4. helg.

Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
Ved spørsmål om stillinga kontakt:

Einingsleiar Hilde Elin Nilsen tlf 47796852 e-post hilde.elin.nilsen@oygarden.kommune.no

Avdelingsleiar Kjersti Dagestad tlf 457 36 293 e-post kjersti.dagestad@oygarden.kommune.no

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    19.01.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5337, RONG
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6001571
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune