Företag
Sunnfjord kommuneAnsökningstiden
20.01.2025Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
5992207Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
Helsefagarbeidar/hjelpepleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sande omsorgssenter ligg sentralt i Sunnfjord kommune, like ved E-39 og omlag 20 min frå Førde. Institusjonen har 40 sengeplassar fordelt på to avdelingar. Omsorgssenteret har 35 årsverk. Lærlingar, elevar og studentar er jamt innom for opplæring og bidreg til eit utviklande miljø. Vi er opptatt av den gode dagen for dei som bur og arbeider her.
Har du lyst på eit arbeid som gir deg mykje glede, ansvar og faglege utfordringar? Då må du søke stilling ved Sande omsorgssenter.
Vi har ledig:
- 2 faste 100 % stillingar som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
Arbeidsoppgåvene på dagens omsorgssenter er varierande, spennande og krev fagleg dyktigheit. Som helsefagarbeidar har du ansvar for heilskapleg pleie, omsorg og behandling av pasientane. Sikre dokumentasjon iht lovverk og intenrne rutinar, samarbeide med pasient, pårørande og medarbeidarar, veiledning og støttesamtalar, delta og legge til rette for aktivitet, gjeld for alle stillingstypar.
Søkar må:
- ha norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- beherske norsk godt, skriftleg og munnleg
- kunne levere gyldig politiattest
Vi søker deg som:
- er fagleg engasjert og har vilje til å halda deg oppdatert
- er løysingsorientert, fleksibel og kan tenke nytt
- har evne til å reflektere
- er samarbeidsvillig
- kan arbeide strukturert
- samarbeider og kommuniserer godt
- er lojal og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
Vi har prøv ut langvakter og har god erfaring med det. Det er og høve til å kombinere med langvakt og kortvakt. Vi tilpassar så lengt det let seg gjera etter behov. Går ein langvakt i helgar har arbeid kvar 4.helg, kortvakter i helgar har arbeid kvar 3.helg.
Du søker elektronisk, velkommen som søkar!
Företag
Sunnfjord kommuneAnsökningstiden
20.01.2025Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
5992207Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune