• Company
    Fjaler kommune
  • Application deadline
    01.11.2020
  • Form of employment
    workTime.Skift/turnus
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3227125
  • Look here for other jobs from Fjaler kommune
  • Updated 16.10.2020
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Fjaler kommune

Helsefagarbeidar - fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi er interessert i å gje gode tenester til dei som treng det mest. Deler du denne interessa og vil bli ein del av vårt team? Våre tenester vert no tilpassa ny organisering for å møte framtidas behov, og vi har spanande oppgåver til både nyutdanna og dei med lang erfaring. 

Vi har for tida ledig ei 90 % fast stilling som helsefagarbeidar ved Fjaler sjukeheim. Arbeidet er primært på langtid og skjerma eining. Som helsefagarbeidar hos oss vil du ta del i årsturnus frå 1. mars 2021, med arbeid kvar 3. helg.

Fjaler sjukeheim har totalt 34 plasser fordelt på 3 avdelingar. Av desse er 13 langtidsplasser, 8 plasser på skjerma eining og 15 plasser på korttid/rehabiliteringsavdeling. Sjukeheimen har eige institusjonskjøkken, som lager mat etter kok/kjøl prinsippet. Vi har eige dagsenter for bebuarane våre, samt for heimebuande som kjem på dagopphald for sosialt samvær, aktivitet og måltid. Dagsenteret er bemanna med eigen aktivitør.

Det er nyleg oppretta ressursgrupper på tvers av einingane i kommunen innan ulike tema som rehabilitering, ernæring og diabetes, kreft, velferdsteknologi og demens. Dette for å få ytterlegare kompetanse innan dei ulike fagfelta.

Vi søkjer no etter deg som har interesse for å arbeide innan eldreomsorga, som er opptatt av fagutvikling og forbetringsarbeid, og som ynskjer å bidra til at våre bebuarar har eit godt liv her på sjukeheimen.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i det daglege arbeidet slik at tenestene sine arbeidsoppgåver vert utført på ein smidig og god måte
  • Sikre at det vert utført fagleg forsvarleg tenesteyting til den einskilde brukar
  • Medikamenthandtering
  • Medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø i eiga avdeling og til eit godt samarbeid med dei andre einingane
  • Jobbe kunnskapsbasert
  • Jobbe for auka fagleg utvikling
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Vere ein god rollemodell

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Løysingsorientert
  • Sjølvstendig, ansvarsbevisst, engasjert
  • God på kommunikasjon
  • Evne til å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø
  • Engasjement for eldreomsorg
  • Gode samarbeidsevner
  • Godt humør
  • Fleksibel

Vi tilbyr

  • Introduksjonsprogram for nytilsette
  • Fadderordning
  • Løn etter utdanning og erfaring
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 

  • Company
    Fjaler kommune
  • Application deadline
    01.11.2020
  • Form of employment
    workTime.Skift/turnus
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3227125
  • Look here for other jobs from Fjaler kommune
  • Updated 16.10.2020