Company
Giske KommuneApplication deadline
28.03.2025Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6050, VALDERØYA
GISKE
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6116552Look here for other jobs from Giske Kommune
- Updated 14.03.2025
 
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Giske Kommune
Helsefagarbeidar - fast helgestilling, natt, ved Giske omsorgssenter
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi har ledig om lag 25 % fast helgestilling på natt som helsefagarbeidar ved Valderøy omsorgsdistrikt, Giske omsorgssenter frå snarast.
Giske omsorgssenter ligg på Valderøya og har to langtidsavdelingar og ei korttidsavdeling, med totalt 30 plassar. I bygget er også dagsenter, heimebasert omsorg, sentralkjøkken, fysio- og ergoterapitenesta og kvardagsrehabilitering lokalisert. Denne nattstillinga ligg under Giske omsorgssenter, men hjelper nattevakt i heimetenesta med oppdrag når det er behov for det.
Stillinga inngår i turnus med tre vakter kvar 3. helg.
Vi søkjer ein engasjert helsefagarbeidar som kan sikre god pasientbehandling og utføre oppgåver etter gjeldande lover og forskrifter, og som ønskjer å bidra aktivt til å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø. Ta gjerne kontakt per telefon om du har spørsmål.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt ved tilsetjing. 
 
Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.
Kvalifikasjoner:
- Autorisasjon som helsefagarbeidar eller anna relevant fagutdanning.
 - God digital kompetanse.
 - Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
 - Sertifikat for bil.
 
Personlige egenskaper:
- Fleksibel og løysingsorientert.
 - Gode samarbeidsevner.
 - Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig.
 
Vi tilbyr:
- Tverrfagleg samarbeid med fleire yrkesgrupper.
 - Moderne lokaliteter og funksjonelt utstyr med fokus på velferdsteknologi (som kamera, sensorar) og forbetringsteam.
 - Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
 
Company
Giske KommuneApplication deadline
28.03.2025Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6050, VALDERØYA
GISKE
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6116552Look here for other jobs from Giske Kommune
- Updated 14.03.2025