• Företag
    Alver kommune
  • Ansökningstiden
    19.03.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4924394
  • Se här för andra jobb från Alver kommune
  • Uppdaterad 23.02.2023
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Alver kommune

Helsefagarbeidar / Barne og ungdomsarbeidar i 11% på helg

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Avlastningsavdelinga har no ledig ei 11% stilling med arbeid kvar 4. helg i privat heim. Det er arbeid ein laurdag og ein sundag kvar månad med eit born. Heimen er godt tilrettelagt med eigen leiligheit der dei tilsette arbeider. Det er moglegheit for utvida stillingsprosent ved å ta på seg seinvakter i vekedagane.

Dette er ein jobb som er perfekt å kombinera med studiar eller jobb i skule/bornehage!

Om tenesteområdet Habiliteringstenester

Habiliteringstjenester i Alver kommune gjev tjenester til personer med nedsett funksjonsevne. Tenestene vert gitt som tenester i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetssenter, og ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.

Om avdelinga

Avdelinga består av 4 ulike avlastningsbustader og aktivitetsbasert avlastning. I tillegg til dette gjev vi bistand på natt i ein privat heim og har ansvar for privat avlastning.

I avdelinga vår er me vekt på at borna/ungdomane skal ha det så trygt som mogleg, der dei kan få gode opplevingar og oppleve meistring. Me er også opptatt av tverrfagleg samarbeid og har tilsette med ulike utdanningar og erfaringar. Det viktigaste er at du ynskjer å arbeida med born og unge! 

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil vera å hjelpa eit born med alle daglege gjeremål. Dette kan vere alt frå turar ute til mating og stell.

Kvalifikasjonskrav 

  • Helsefagarbeidar og barne- og ungdomsarbeidarar vil bli prioritert. Dersom ein ikkje får kvalifisert personell kan det vurderast å vika frå utdanningskravet. Ei konkret vurdering vil bli gjort i kvart enkelt tilfelle og ein må då kunne visa til erfaring, interesse og engasjement for fagfeltet.
  • Førarkort klasse B
  • Gode datakunnskapar 
  • Berre kvinner vil bli vurdert for stillinga jf. likestillings- og diskrimineringslova § 2 - 9 a) 

Kven søkjer vi?

  • Du elsker å arbeida med born og unge
  • Du trivast med å arbeida sjølvstendig
  • Du kan bruka forflytningshjelpemidlar
  • Du ser løysingar, er fleksibel og arbeider for forbetringar
  • Du evner til å etablere og utvikle gode relasjonar til born og kollegaer
  • Du er interessert i å «gjere ein forskjell» når du er på jobb
  • Du har god fysisk og psykisk helse

Vi tilbyr

  • Løn etter tariffavtale
  • Gode rutinar og prosedyrar 
  • Faste samarbeidsmøter og rettleiing 
  • Pensjonsordning via KLP

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

 

 

  • Företag
    Alver kommune
  • Ansökningstiden
    19.03.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4924394
  • Se här för andra jobb från Alver kommune
  • Uppdaterad 23.02.2023