Bedrift
Hemsedal KommuneSøknadsfrist
21.04.2021Stillingsfunksjon
HelsepersonellAnsettelsesform
workTime.DeltidBransje
Offentlige tjenester og forvaltningUtdanningskrav
BachelorArbeidserfaring
ØnskeligØnsket Språk
norskAdresse
3560, HEMSEDAL
HEMSEDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3712006Se her for andre jobber fra Hemsedal Kommune
- Oppdatert 09.04.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Hemsedal Kommune
Helsefagarbeidar- 80% fast stilling - Bygdaheimen
Offentlige tjenester og forvaltning
Hemsedal kommune er ei fjellbygd i Hallingdalsregionen, med omlag 2500 innbyggjarar. Kommunen er møtet mellom aust og vest med 9 mil til Lærdal og Sognefjorden, 3 mil til Gol, Bergensbanen og Riksveg 7. Kommunen har auke i folketalet og ei spennande reiselivsutvikling parallelt med eit livskraftig landbruk og eit rikt og mangfaldig kulturliv. Alpinsenteret er vel kjend samstundes som uberørte naturområde er kjelde til glede, både sommar som vinter; på ski, med fiskestong eller jaktutstyr, på sykkel eller til fots.
Helsefagarbeidar- 80% fast stilling - Bygdaheimen
Ledig stilling:
- 80% fast stilling som helsefagarbeidar på Bygdaheimen. Stillinga er ledig frå 3.mai 2021.
Stillinga innehar 2-delt turnus dag/kveld og arbeid kvar 3.helg. Det vil være mulighet for å jobbe noe natt.
Vi søkjer etter helsefagarbeidar som:
- er fagleg engasjert med fokus på kvalitet
- møter brukar og pårørande på ein open og respektfull måte
- som har gode samarbeidsevner, og evner til å ta ansvar
- medverkar til eit positivt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt
- har gode kommunikasjonsevner
- har kvalifikasjonar og/eller fagleg interesse innan demens
- har førarkort kl. B
Vi tilbyr:
- flexiturnus
- høy fagkompetanse
- tilstrekkelig opplæring
Krav til kompetanse:
Vi søkjer etter offentleg godkjent helsefagarbeidar. Andre med relevant erfaring og søkjarar som er under utdanning til helsefagarbeidar kan bli vurdert. Det kan vurderast å tilsette søkjarar som ikkje fyller kvalifikasjonskravet i vikariat.
Ved tilsetjing vil det bli lagt blir det lagt vekt på personlege eigenskapar, interesse og egnethet.
Generell informasjon:
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Medlemskap i Kommunal landspensjonskasse (KLP) / Statens pensjonskasse
- Det er for enkelte stillingar krav om helseattest, autorisasjon m.v.
- Det er krav om politiattest jf. forskjellig lovverk i dei forskjellige sektorane
- Vi oppfordrar til likestilling og rekruttering av arbeidstakarar med ulik bakgrunn jf. HA § 7
Søkjarlister er offentlege jf. offentleglova §25. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du krysse av og grunngje dette i søknadsprosessen. Om dette ikkje blir tatt til følge vil du som søkjar bli varsla, og du kan da velje å trekke din søknad før søkjarlista bli utarbeida.
Elektronisk søknadsprosess:
Ved elektronisk søknad vil det automatisk bli generert ein CV utifrå opplysningane som blir lagt inn. Vitnemål og attestar kanl lastas opp og blir da ein del av den elektroniske søknaden. Referansar vil bli innhenta.
Ta kontakt med postmottak@hemsedal.kommune.no ved utfordringar i søknadsprosessen.
Vi ser fram til å motta din søknad og ønskjer deg velkommen som søkjar her hos oss i Hemsedal kommune.
www.hemsedal.kommune.no - ledige stillinger
Kontakt:
Hege Owesen, leiar Bygdaheimen, E-post: ho@hemsedal.kommune.no, Mobil: 974 98 110
Søknadsfrist: 21. april 2021
Bedrift
Hemsedal KommuneSøknadsfrist
21.04.2021Stillingsfunksjon
HelsepersonellAnsettelsesform
workTime.DeltidBransje
Offentlige tjenester og forvaltningUtdanningskrav
BachelorArbeidserfaring
ØnskeligØnsket Språk
norskAdresse
3560, HEMSEDAL
HEMSEDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3712006Se her for andre jobber fra Hemsedal Kommune
- Oppdatert 09.04.2021