Företag
Alver kommuneAnsökningstiden
06.12.2021Anställningsform
workTime.Skift/turnusBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4232475Se här för andra jobb från Alver kommune
- Uppdaterad 22.11.2021
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Alver kommune
Helsefagarbeidar - 75 % fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Vi har ledig 75 % fast stilling som helsefagarbeidar frå 01.02.2022. Stillinga er i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg.
Om Alversund/Seim heimeteneste
Avdeling Alversund/Seim heimeteneste har base i Isdal og der arbeider sjukepleiarar, hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar og assistentar. Vi gjev tenester til brukarar i eigen heim i områda med postadresse Alversund og Seim.
Arbeidsoppgåver
Heimetenesta gjev tenester etter vedtak til brukarar som bur i eigen heim. Det vert i tillegg gitt enester knytt til ein einskild brukar med stort hjelpebehov, og arbeidet er organisert som eit team i brukar sin heim. Stillinga inneber vakter både i ordinær heimeteneste og i team. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil.
Kvardagen hos oss er variert, med stor grad av sjølvstende og fagleg utvikling. Heimetenesta samarbeidar tett med ulike fagmiljø og legg vekt på tverrfagleg samarbeid. Siste åra har det vore ei stor satsing velferdsteknologi og kvafrdagsmeistrin.
Kompetanse
Krav til kompetanse
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Sertifikat klasse B
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- er inspirerande og engasjert
- kan prioritere i ein travel kvardag
- har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
- kan skape arbeidsglede i ein hektisk kvardag
- er løysningsorientert, påliteleg og fleksibel
- er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga
- har evne til å arbeide sjølvstendig
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Fagleg utvikling
- Årsturnus
- Tilsetjing i samsvar med lov- og avtaleverk
- Pensjonsordning gjennom KLP
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.
Företag
Alver kommuneAnsökningstiden
06.12.2021Anställningsform
workTime.Skift/turnusBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4232475Se här för andra jobb från Alver kommune
- Uppdaterad 22.11.2021