Bedrift
Vestnes kommuneSøknadsfrist
29.11.2021Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlige tjenester og forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6390, VESTNES
VESTNES
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4202114Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
- Oppdatert 06.11.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Vestnes kommune
Helsefagarbeidar 75 - 100 % stillinga
Offentlige tjenester og forvaltning
Eining for aktivsering og meistring har fleire ledige stillingar for helsefagarbeidar med stillingsstorleik frå 75 % til 100% frå snarast.
Arbeidsstad
Alle Stillingane ligg i nærleiken av Vestnes sentrum. Eining for aktivsering og meistring yt tenester til personar i ulik alder og funksjonsnivå. Tjenesten ytes i den enkeltes heim og er individuelt tilrettelagt.
Einingar:
Skogheim - 100 % stilling
Skogly- 100 % stilling
Tiltak Stella Maris - 100 % stilling
Kariplassen 2 x 100 % stilling
Furulia 78 % stilling
Vestneshaugen - 83 % og 75 % stilling
Liaråket 80 % stilling
Stillingane er i turnus med arbeid kvar tredje helg. Stillingane ved Furulia og Vestneshaugen (83 %) er disponert på natt (aktiv/ kvilande) der den kvilande delen betalast med 1:3 timeløn.
Arbeidsoppgåver
- ivaretaking av tenestemottakarens behov for omsorg og innhald i kvardagen
- utføre arbeid og rutiner og gjennomføre prosedyrer i tråd med aktuelt lovverk, dagsplaner, miljøreglar og
oppfølging av desse
- delta i gjennomføring og evaluering av tiltak med bruk av tvang med heimel i Helse- og omsorgstenestelova
kap. 9
- ivareta krav i høve dokumentasjon
- legemiddelhåndtering
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter deg som er autorisert helsefagarbeidar, hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar:
- du må kunne tilegne deg kunnskap om gjeldande lovverk for tenesteytinga, særskilt Helse- og
omsorgstenestelova kap.9
- det er ønskeleg med kunnskap/erfaring frå arbeid med personar med psykisk utviklingshemming, eldre/geriatri
og psykisk helse
- beherske målretta miljøarbeid og kunne legge til rette for ein aktiv kvardag i og utanfor heimen
- det er ønskjeleg med erfaring frå målretta miljøarbeidarbeid i Norge
- det er ønskeleg med kompetanse i handtering av utfordrande atferd
- datakunnskap
- relevant praksis
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er bestått norsk på nivå B1/B2
- ha gode kommunikasjonsevne
Personlege eigenskapar
- du må være fagleg engasjert
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna
- ha godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø
Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- løn etter gjeldande avtaleverk
- tilsette med relevant fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet,
begynnarløna vert med 4 års ansiennitet
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader. Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Har du spørsmål om stillingane ta kontakt med leiar:
Einingsleiar Ina Killingrød Greve tlf. 974 82 775
Avdelingsleiar Linda Gravem tlf. 400 90 679 (Furulia, Tiltak Stella Maris)
Avdelingsleiar Ingrid Aarnes tlf. 958 72 738 (Kariplassen, Skogly)
Avdelingsleiar Laila Leirstad tlf. 480 97 947 (Vestneshaugen)
Avdelingsleiar Terje Vestnes tlf. 922 24 496 (Skogheim, Liaråket)
Referanser
Oppgi referanser.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.
Bedrift
Vestnes kommuneSøknadsfrist
29.11.2021Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlige tjenester og forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6390, VESTNES
VESTNES
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4202114Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
- Oppdatert 06.11.2021