Company
Vestnes kommuneApplication deadline
20.12.2024Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6390, VESTNES
VESTNES
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5980204Look here for other jobs from Vestnes kommune
Vestnes kommune
Helsefagarbeidar - 71 % fast stilling - Heimetenestene
Offentlig forvaltning
Ved Heimetenesta er det ledig 71 % fast stilling for helsefagarbeidar frå snarast. Stillinga har arbeid kvar 4. helg med langvakter.
Arbeidsstad
Heimetenesta har base i 1.etg. på Stella Maris.
Arbeidsoppgåver
- ivaretaking av tenestemottakarens behov for omsorg og innhald i kvardagen
- utføre arbeid og rutiner og gjennomføre prosedyrer i tråd med aktuelt lovverk, dagsplanar, miljøreglar og oppfølging av desse
- ivareta krav i høve dokumentasjon
- delta i gjennomføring og evaluering av tiltak
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter deg som er autorisert helsefagarbeidar, hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar:
- du må kunne tilegne deg kunnskap om gjeldande lovverk for tenesteytinga
- beherske målretta miljøarbeid og kunne legge til rette for ein aktiv kvardag
- datakunnskap
- relevant praksis og erfaring frå heimesjukepleie er ønskeleg
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er bestått norsk på nivå B1/B2
- ha gode kommunikasjonsevne
- du må ha førarkort kl B
Personlege eigenskapar
- du må være fagleg engasjert
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna
- ha godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø
Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- løn etter gjeldande avtaleverk
- tilsette med relevant fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet, begynnarløna vert med 4 års ansiennitet
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid.
- pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale.
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Referanser
Oppgi referanse
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.
Company
Vestnes kommuneApplication deadline
20.12.2024Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6390, VESTNES
VESTNES
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5980204Look here for other jobs from Vestnes kommune