Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
25.06.2026Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
6649934Se här för andra jobb från Øygarden kommune
Øygarden kommune
Helsefagarbeidar 70% fast stilling - Sundheimen
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sundheimen søkjer ein engasjert og fagleg sterk helsefagarbeidar som vil vere med og forme framtida for eldreomsorga. Er du engasjert og ønskjer gode arbeidsvilkår, fagleg utvikling og moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag? Då kan dette vere stillinga for deg!
Vi i Øygarden kommune arbeidar aktivt for å tilpasse oss morgondagens behov og sikre gode tenester til våre innbyggjarar. Vi legg stor vekt på fagleg kvalitet, utvikling og trivsel blant våre tilsette. For å få til dette, er vi avhengige av eit godt arbeidsmiljø kor samarbeid på tvers av avdelingar og mellom faggrupper finn stad.
Engasjerte medarbeidarar som jobbar strukturert og effektivt og gjerne kjem med innspel til endring er verdifullt i kommunen sitt oppdrag med å tilby berekraftige tenester. Vi har god sjukepleiefagleg kompetanse og med fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande og i ei palliativ fase.
Om avdelinga:Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med totalt 54 senger. Det er somatisk- , demensavdeling og heildøgns omsorgsbustader. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 – 10 pasientar. 10 av 20 omsorgsbustader som ligg i nabobygget er drifta av Sundheimen. Det er politiske føringar på at fleire omsorgsbustader blir knytt til. Brukarane er i hovudsak langtidspasientar med komplekse og samansette diagnosar. Vi har eige produksjonskjøken og service assistentar som bidreg i avdelingsarbeidet.
Vi har frivillige som bistår oss med aktivitetar som bingo, andakt og besøksvenn etc. Vi ønskjer det beste for våre brukarar og legg til rette for kjekke aktivitetar i kvardagen.
Vi har stort fokus på arbeidsmiljø. Vi har det kjekt i lag på jobb, og du vil garantert bli tatt godt i mot som vår nye medarbeidar.
Om stillinga:Stillingane inngår i årsplan med arbeid dag /kveld og 16 helger pr år. Frå 1.desember er det ny årsplan og da kan langvakter og / eller 12 helger i langvakt vurderast.
Arbeidsoppgåver:- Pasientretta arbeidsoppgåver i sjukeheimsavdeling
- Dagleg avdelingsarbeid i samarbeid med service assistentar
- Ha fokus på pasientar og bidra til tverrfagleg samarbeid saman med sjukepleiar, fysioterapeut og lege
- Rettleie lærlingar og elevar
- Delegert ansvar for medikamenthandtering
- Sørgje for god samhandling og dokumentasjon i gjeldane fagsystem
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
- Relevant erfaring
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Krav om gyldig politiattest
- Erfaring frå arbeid i eldreomsorg
- Har god evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- Du er lærelysten, tar ansvar og nyttar kunnskap i praksis
- Du er løysingfokusert og engasjert
- Du er fleksibel, positiv og ønskjer å skape gode augneblikk for pasientar
- Gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
- Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive
- Du er trygg i dialog med pårørande og kommuniserer tydeleg
- Personleg eignaheit vert vektlagt
- Stillinga ledig frå snarast : Stillinga er pr dd på 70 % og auke kan diskuterast
- Stillinga inngår i årsplan med arbeid 16 helger pr. år eller langvakter i årsplan og 12 helger pr år
- Ekstra helg planlagt i årsplan mot kompensasjon
- Ved internt opprykk kan andre stillingar bli aktuelle og vil bli vurdert av same søkarmasse.
- Stillinga er 60 % + 10 % timebank
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Varierende arbeid i positivt inkluderande miljø
- Du køyrer mot trafikken og du parkerer gratis og mogleg å lade
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
- Einingsleiar: Janne Thode, tlf: 56160400/45044569
janne.thode@oygarden.kommune.no
- Avdelingsleiar: Glenn Bjærum, tlf: 56160400 /90076112
Glenn.Bjarum@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
25.06.2026Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
6649934Se här för andra jobb från Øygarden kommune
-
Fleire ledige stillingar som sjukepleiar på Sundheimen
Øygarden kommune
Skogsvåg -
Helsefagarbeidar 100% vikariat
Øygarden kommune
Skogsvåg -
Ferievikarar Helse og velferd 2026
Øygarden kommune
STRAUME -
Avdelingsleiar 100% fast
Øygarden kommune
Straume -
100% vikariat som sjukepleiar/vernepleiar
Øygarden kommune
Skogsvåg