Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
04.10.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6718996Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
Helsefagarbeidar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sunnfjord bu- og avlastingsteneste er ei døgnbemanna teneste som gir avlasting til familiar med særs krevjande omsorgsoppgåver. Vi søker deg som ønsker å gjere ein positiv forskjell i livet til barn og unge med funksjonsnedsetjingar.
Som tilsett hos oss får du ein meiningsfull og variert arbeidskvardag, der relasjonsbygging, fagleg utvikling og samarbeid står sentralt. Delar av stillinga kan omfatte arbeid i heim, inkludert nattevakter.
Vi har ledig:4 faste stillingar i 100 % som autorisert helsefagarbeidar
Arbeidstida er organisert i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg.
Hos oss er fagleg kvalitet viktig. Du vil vere ein aktiv del av arbeidet med å planleggje, gjennomføre og evaluere tiltak for det enkelte barnet eller ungdommen. Vi utarbeider tiltaksplanar i tett samarbeid med føresette, barn, ungdom og aktuelle samarbeidspartar.
Vi legg vekt på tillit, sjølvstende og fagleg refleksjon, og vi gir rom for at du i stor grad kan vere med og påverke eigen arbeidskvardag.
Arbeidsoppgåver:- legemiddelhandtering
- primærkontaktansvar
- skape trygge og føreseielege dagar gjennom struktur, omsorg og gode relasjonar
- planleggje og gjennomføre aktivitetar tilpassa den enkelte sine behov og føresetnader
- samarbeide med føresette og interne og eksterne samarbeidspartar
- planleggje, følgje opp, evaluere og oppdatere tiltak
- journalføre i CosDoc
- praktiske oppgåver som matlaging, klesvask og anna førefallande arbeid
- delta i ansvarsgrupper ved behov
- norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- førarkort klasse B
- god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- evne til å arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
- interesse for fagfeltet og motivasjon for å arbeide med barn og unge
- personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt
- er tolmodig, trygg og omsorgsfull
- trivst med ein variert arbeidskvardag med både høgt tempo og rolege periodar
- bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
- deler kunnskap og erfaringar med kollegaer
- ein meiningsfull jobb der du kan gjere ein forskjell i kvardagen til barn og unge
- eit inkluderande, fagleg sterkt og utviklingsorientert arbeidsmiljø
- varierte arbeidsdagar med aktivitet, meistring og glede
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- moglegheit for fagleg utvikling og påverknad i eigen arbeidskvardag
Gyldig politiattest må leggast fram før tiltreding.
Velkomen som søkar! Vi ser fram til å høyre frå deg
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
04.10.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6718996Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune