Företag
Sunnfjord kommuneAnsökningstiden
14.07.2026Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
6661436Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
Helsefagarbeidar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Har du lyst på ein jobb som gjev deg utfordringar, spenning og mykje glede? Då har vi jobben for deg!
Heimetenesta på Sande i Sunnfjord yt hjelp og rettleiing til eldre, sjuke eller personar med funksjonsnedsetting som bur heime. Vi er opptekne av god kvalitet i tenestene våre og er stolte av arbeidsplassen vår. Vi ønsker oss medarbeidarar som er rause, engasjerte, entusiastiske og modige, og håpar at du er den rette!
Vi har fleire ledig stillingar:- Helsefagarbeidar i 100 % fast stilling for snarleg tilsetting
- Helsefagarbeidar i 100 % vikariat i perioden 17.08.2026 - 24.01.2027
- Helsefagarbeidar i 60 % vikariat i perioden 01.09.2026 - 25.10.2027
- Helsefagarbeidar i 100 % fast stilling frå 15.02.2027
Helgestillingar: - Helsefagarbeidar i 7 % fast helgestilling
- Helsefagarbeidar i 7 % fast helgestilling
- Helsefagarbeidar i 14 % fast helgestilling
Vi oppmodar også søkarar utan helsefagleg utdanning, men med relevant erfaring, interesse og personleg eigenskapar som passar til stillinga om å søke. Dei vil bli tilsett i mellombels stilling dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkarar.
Helgestillingane er for snarleg tilsetting etter avtale. For alle stillingane over 14% er det 2-delt turnus med arbeid kvar 3. helg i snitt. Stillingane på 7% er kvar 6.helg, vanlege vakter.
Vi ser etter deg som:
- har ønske om og glede av å arbeide med mennesker med ulike hjelpebehov
- har eit fagleg engasjement og vil utvikle gode tenester
- evnar både til å jobbe sjølvstendig, ta ansvar og har gode samarbeidsevner
- møter pasientar, pårørande og kollegaer med respekt og omsorg
- er fleksibel, løysingsorientert og likar utfordringar
- bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
- oppteken av å fremje meistring, livskvalitet og brukarmedverknad
Vi tilbyr:
- drivande godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
- varierte arbeidsoppgåver
- ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre
- leiing som er nær
- Kr 5000,per år i rekrutterings- og stabiliseringstillegg
- kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
Søkar må ha:
- offenteleg godkjent helsefagarbeidar med norsk autorisasjon
- førarkort klasse B
- kunne kommunisere godt norsk både skriftleg og munnleg
- god IT-kunnskap
Vi startar med årsturnus frå 26.10.2026.
Vi disponerar bilar i tenesta vår.
Gyldig politattest må leggast fram før start i stilling.
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål til stillingane. Velkommen som søkar!
Företag
Sunnfjord kommuneAnsökningstiden
14.07.2026Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
6661436Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune