Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
31.05.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6203363Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
Ledig stilling
Sunnfjord kommune
Helsefagarbeidar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Førde bu- og miljøteneste, eining 3, yt døgnkontinuerleg tenester til personar med psykisk utviklingshemming som treng langvarige og koordinerte tenester. Dette inneber støtte og opplæring knytt til dagleglivet sine funksjonar som hygiene, ernæring og sosiale ferdigheiter. Støtta inneber også hjelp til å handtere og meistre somatiske og psykiske vanskar.
Vi har ledig:- 100 % vikariat som helsefagarbeidar
Turnus med arbeid 3 kvar helg, kombinasjon av vanlege vakter, langvakter og sovande nattevakt.
Arbeidsoppgåver:
- mange av vaktene er 1-1 oppfølging med brukarar
- oppfølging av brukarar med fokus på aktivisering, miljøterapi og daglege gjeremål
- bidra til å skape ein trygg atmosfære med omsorg, støtte, struktur og gode grenser for kvar enkel brukar
- praktiske oppgåver og førefallande arbeid
- oppgåver knytt til primærkontakt
- tett samarbeid med pårørande, verje og andre tverrfaglege instansar
Kvalifikasjonar:
- norsk autorisasjon som helsefagarbeidar eller tilsvarande relevant helsefagleg utdanning
- førarkort kl. B
- meistre godt norsk munnleg og skriftleg
- personleg eigenskapar vert vektlagt
- evne til samspel med brukarar, pårørande, kollegaer og andre vi samarbeider med
- vere ein trygg og tydeleg vaksen person som set grenser på ein omsorgsfull måte
- politiattest må leverast før start i stilling
Vi søker deg som:
- vil bidra positivt til eit fagleg og kollegial godt miljø
- er punktleg og påliteleg
- trivast i ein aktiv kvardag og har evne til endring
- syner fagleg tryggleik, tillit og respekt
- behandlar brukarar og pårørande profesjonelt og empatisk
- er i stand til å ta i mot rettleiing i frå leiar og ansvarshavande
- trivast med å arbeide sjølvstendig ettersom mange av vaktene jobbar du aleine med brukar
- kan arbeide langvakter med påfølgande sovande nattevakt ettersom nokon av vaktene er i brukar sin bustad
Vi tilbyr:
- god opplæring
- høgt fagleg nivå med varierande utfordringar, med rettleiing frå spesialisthelsetenesta ved behov
- ein travel arbeidsplass med inkluderande miljø der folk trivast på jobb.
- lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-avtale
Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
31.05.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6203363Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
-
Miljøarbeidar
Sunnfjord kommune
FØRDE -
Helsefagarbeidarar
Sogndal kommune
Balestrand -
Miljøterapeut ved Miljøterapitenesta, Kristenbråten
Gol kommune
GOL -
Miljøterapeut/miljøarbeidar ved Miljøterapitenesta, Vesterhusvegen
Gol kommune
GOL -
Helsefagarbeidar, sjukepleiar -/vernepleiarstudent fast 15% - 20 %
Øygarden kommune
Skogsvåg