• Company
    Øygarden kommune
  • Application deadline
    23.01.2025
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6009679
  • Look here for other jobs from Øygarden kommune
Vacancy

Øygarden kommune

Helsefagarbeidar 60% fast natt

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du vår nye medarbeidar i eit triveleg og utviklande arbeidsmiljø?

Som helsefagarbeidar hjå oss får du jobbe i eit tverrfagleg team i eit kunnskapsrikt og inkluderande arbeidsmiljø. Vi har god helsefag- og sjukepleiarkompetanse der vi har fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande fase og i ei palliativ fase. Vi ønskjer det beste for våre brukarar og legg til rette for kjekke aktivitetar i kvardagen.

Vi har stort fokus på arbeidsmiljø. Vi har det kjekt i lag på jobb, og du vil bli tatt godt i mot som vår nye medarbeidar.

Om avdelinga :

Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar; somatisk og demens. Til dementavdeling er det og knytt til fire omsorgsbustader med heildøgnsomsorg.  Vi har fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande fase og i ei palliativ fase. Vi arbeidar tverrfagleg for å møte pasientane sine behov og kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 – 10 pasientar. Sundheimen har i hovudsak langtidspasientar. I tillegg har vi ein aktivitør ein dag i veka og frivillige som hjelper oss med aktivitetar som bingo, andakt og besøksvenn kvar veke. Vi ønskjer det beste for våre brukarar og legg til rette for kjekke aktivitetar i kvardagen.

Arbeidsoppgåver:
  • Pasientretta arbeidsoppgåver i sjukeheimsavdeling
  • Ha fokus på pasientar og bidra til tverrfagleg samarbeid 
  • Delegert ansvar for medikamenthandtering blir vurdert
  • Sørgje for god samhandling og dokumentasjon i gjeldande fagsystem CosDoc
  • Avdelingsarbeid
Kvalifikasjonar: 
  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Digital kompetanse
  • Gyldig politiattest 
Ønskjeleg
  • Relevant erfaring innan eldreomsorg
Eigenskapar:
  • Har god evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Du er lærelysten, tar ansvar og nyttar kunnskap i praksis
  • Du er løysningfokusert, fleksibel og engasjert,
  • Du er positiv og ønskjer om å skape gode augneblikk for pasientar
  • Gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
  • Du har respekt for andre og deler din kunnskap.
  • Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive
  • Du er trygg og tydeleg i dialog med pårørande.

Personleg eignaheit vert vektlagt.

Anna:

Stillinga inngår i årsplan med arbeid dag /kveld og 16 helger pr år. Ved internt opprykk kan andre stillingar bli aktuelle og vil bli vurdert av same søkarmasse.

Vi tilbyr:
  • Variert arbeid i positivt miljø
  • Gratis parkering og moglegheit for lading
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Faglege utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA bedrift
Kontakt:

Einingsleiar : Janne Thode , 56160400/45044569 janne.thode@oygarden.kommune.no

 Øygarden kommune ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegle mangfaldet i befolkninga.

Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ynskjer kommunen å leggje til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

 

  • Company
    Øygarden kommune
  • Application deadline
    23.01.2025
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6009679
  • Look here for other jobs from Øygarden kommune