Ledig stilling

Kvam Herad i Brønnøysund

Helsefagarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Søk jobb som helsefagarbeidar i Strandebarm omsorg!

  • 80 % fast stilling ledig frå august 2024
  • Stilling med arbeid natt og kveld og turnusarbeid for tida etter årsplan med arbeid tredje kvar helg

Strandebarm omsorg består i dag av sjukepleiarar, fagarbeidarar, pleiemedarbeidarar, aktivitør, fysioterapeut og lege. Me held til i heilt nytt omsorgssenter i Strandebarm. Vil du vite meir om oss les her:Strandebarm omsorg

Pleie og omsorgstenesta i Kvam har fokus på "Eit godt liv der me bur" og har som mål å skapa omsorgstenester for framtida. Meir satsing på tenester til heimebuande er sentralt i den nye omsorgsmodellen. 

Arbeidsoppgåver

  • Pleie og omsorgsoppgåver i institusjon og heimebaserte tenester, med arbeid på kveld og natt.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • Må ha førarkort på bil

Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.

Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Fleksibel og sjølvstendig i arbeidet
  • Du må ha positiv innstilling
  • Vera serviceinnstilt, engasjert, ta ansvar og vera løysingsorientert

Vi tilbyr

  • Variert arbeid både inne i institusjon og ute i heimetenesta
  • Gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønnsystem
  • Gode pensjons-/ forsikringsordningar

Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette