Ledig stilling

Kvam Herad i Brønnøysund

Driftsoperatør VA

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du bli vår nye driftsoperatør?

Er du serviceinnstilt, sjølvstendig og har dei kvalifikasjonane me treng, så er du kanskje ein av våre nye medarbeidarar ved VA avdelinga.

  • Grunna auka arbeidsmengd og omstrukturering søkjer me ein eller fleire driftsoperatørar på vatn og avløp.
  • Driftsoperatørane skal drifta og vedlikehalda kommunale anlegg. Dette krev mellom anna god digital kompetanse og teknisk forståelse, samstundes med at operatøren vil ha mykje kontakt med abonnentane. Som tilsett hos oss får du stor variasjon i arbeidet og utfordrande arbeidsoppgåver.

Vatn og avløps-avdelinga i Kvam herad består i dag av 6 driftsoperatørar, driftsleiar og ingeniør/prosjektleiar og har ansvaret for drift og vedlikehald av VA anlegga i heradet, samt prosjektering og byggeleiing av nye.  

Arbeidsoppgåver

Hovudarbeidsoppgåvene vil vera knytt til drift og vedlikehald av vatn- og avløpsanlegga våre, blant anna:

  • Drikkevassproduksjon (kontroll, ettersyn og styring av vassbehandling/prosessanlegg)
  • Vassdistribusjon (pumpestasjonar og ledningsnett)
  • Nyare avløpsrenseanlegg
  • Avløpsnett (pumpestasjonar og ledningsnett
  • Arbeid med utsjekk, feilsøking, kamerakøyring og dokumentasjon av ledningsanlegg og kart
  • Delta i vaktordning

Kvalifikasjonar

  • Teknisk kvalifikasjon, gjerne fagbrev som røyrleggjar, mekanikar eller innan kjemi/prosess, eller anna relevant erfaring og utdanning
  • Interesse for automasjon og elektro
  • Førarkort, minimum klasse B, ynskjeleg med C
  • God digital kompetanse
  • God norskkunnskap
Personlege eigenskapar
  • Serviceinnstilt
  • Nyfiken og ha interesse for fagfeltet
  • Tek ansvar, arbeider sjølvstendig og strukturert
  • Løysingsorientert og tek initiativ
  • Samarbeider godt med andre , også på tvers av fagfelt
  • Open for nye arbeidsmetodar i framtida

Vi tilbyr

  • Varierte, spanande og utfordrande oppgåver på ein triveleg arbeidsplass
  • Arbeid både ute og inne
  • Løns-/og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande regulativ og lokalt lønnssystem
  • Gode pensjons-/og forsikringsordningar

Generell informasjon:

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.