• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    18.06.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5186915
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 24.05.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Helsefagarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Leikanger sjukeheim har ledig 80% fast stilling som helsefagarbeidar i todelt turnus frå 01.06.23.

For stillinga gjeld turnus med arbeid kvar 3.helg, med moglegheit for tilpassingar.

Leikanger sjukeheim var ny i 2004 og har 4 små einingar med inntil 8 pasientar på kvar eining. Heimetenesta, legekontor, fysio/ergoterapitenesta og helsestasjon ligg også i tilknytning til sjukeheimen. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med andre einingar i kommunen. Leikanger sjukeheim har eige kjøken med gode kokkar som lagar heimelaga mat. Sjukeheimen ligg vakkert til på Leikanger med utsyn mot Sognefjorden og nærleik til Sogndal sentrum. Sjukeheimen har fagutviklingssjukepleiar som jobbar målretta og kontinuerleg med fagutvikling, internundervisning og prosedyrar.

Me søker deg som brenn for eldreomsorga. Som er motivert, engasjert og jobbar godt saman med andre.

 

Arbeidsoppgåver:

· Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar på sjukeheim.

· Medansvarleg for at det vert laga og gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den enkelte brukar, sjukepleiar og behandlingsteam

· Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet

· Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut ifrå retningslinjer

· Rettleia og følgje opp elevar og lærlingar

· Med på prosjekt og gruppearbeid for å fremme fagkompetanse og kvalitet i pleie

· Være medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø

 

Kvalifikasjonar:

· Godkjent hjelpepleier/helsefagarbeidar

· Kjennskap til dokumentasjonsprogrammet Gerica er ein fordel

· Ønskjeleg med relevant erfaring innan demens, geriatri/psykiatri eller rehabilitering

· Beherske norsk, skriftleg og munnleg

· Datakunnskap

 

Personlege eigenskapar:

· Løysingsfokusert

· Fagleg engasjert med interesse for eldreomsorg

· Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

· Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt.

· Personlege eigenskaper vil verte vektlagde

 

Me tilbyr:

· Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.

· Gode pensjons- og forsikringsordningar

· Gode velferdsordningar

· Godt fagleg miljø

· Løn etter avtale

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit. 

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    18.06.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5186915
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 24.05.2023