Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
05.03.2025Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6077721Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Helsefagarbeidar 50 % fast natt , Sundheimen
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du vår nye medarbeidar i eit triveleg og utviklande arbeidsmiljø?
Som helsefagarbeidar hjå oss får du jobbe i eit tverrfagleg team i eit kunnskapsrikt og inkluderande arbeidsmiljø. Vi har god helsefag- og sjukepleiarkompetanse der vi har fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande fase og i ei palliativ fase. Vi ønskjer det beste for våre brukarar og legg til rette for kjekke aktivitetar i kvardagen.
Vi har stort fokus på arbeidsmiljø. Vi har det kjekt i lag på jobb, og du vil bli tatt godt i mot som vår nye medarbeidar.
Om avdelinga :Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar; somatisk og demens. Til dementavdeling er det og knytt til fire omsorgsbustader med heildøgnsomsorg. Vi har fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande fase og i ei palliativ fase. Vi arbeidar tverrfagleg for å møte pasientane sine behov og kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 – 10 pasientar. Sundheimen har i hovudsak langtidspasientar. I tillegg har vi ein aktivitør ein dag i veka og frivillige som hjelper oss med aktivitetar som bingo, andakt og besøksvenn kvar veke. Vi ønskjer det beste for våre brukarar og legg til rette for kjekke aktivitetar i kvardagen.
Arbeidsoppgåver:- Pasientretta arbeidsoppgåver i sjukeheimsavdeling
- Ha fokus på pasientar og bidra til tverrfagleg samarbeid
- Delegert ansvar for medikamenthandtering blir vurdert
- Sørgje for god samhandling og dokumentasjon i gjeldande fagsystem CosDoc
- Avdelingsarbeid
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Digital kompetanse
- Relevant erfaring innan eldreomsorg
- Har god evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- Du er lærelysten, tar ansvar og nyttar kunnskap i praksis
- Du er løysningfokusert, fleksibel og engasjert,
- Du er positiv og ønskjer om å skape gode augneblikk for pasientar
- Gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
- Du har respekt for andre og deler din kunnskap.
- Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive
- Du er trygg og tydeleg i dialog med pårørande.
Personleg eignaheit vert vektlagt.
Anna:- Stillinga inngår i årsplan med arbeid dag /kveld og 16 helger pr år. Ved internt opprykk kan andre stillingar bli aktuelle og vil bli vurdert av same søkarmasse.
- Må ha gyldig arbeids og opphaldsløyve
- Variert arbeid i positivt miljø
- Gratis parkering og moglegheit for lading
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Faglege utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA bedrift
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Ingen krav til eigenkapital og opptil 100% finansiering av eigen bustad: Startlån
Einingsleiar : Janne Thode , 56160400/45044569 janne.thode@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegle mangfaldet i befolkninga.
Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ynskjer kommunen å leggje til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
05.03.2025Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6077721Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
-
Helsefagarbeidar, sjukepleiar -/vernepleiarstudent fast 15% - 20 %
Øygarden kommune
Skogsvåg -
Sjukepleiar til nattstilling
Øygarden kommune
Straume -
Miljøarbeidar 50% fast natt
Øygarden kommune
SKOGSVÅG -
100% Fast Vernepleier/Sjukepleier
Øygarden kommune
STRAUME -
Sjukepleiar, Straume bu og servicesenter, 60% fast natt
Øygarden kommune
STRAUME