Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
25.02.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6065250Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
100% Fast Vernepleier/Sjukepleier
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga
Lyngheia er bustadkompleks med 6 personar som bur i eigne bustadar. Dei har varierande hjelpebehov og diagnosar.
Lyngheia ligg sentralt i Straumeområdet nær offentleg transport og kommunedelsenter. Vi har som målsetting å bidra til at den einskilde bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag kor trivsel, sjølvråderett og meistring er viktig. Vi er ein tverrfagleg personalgruppe med vernepleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar og assistentar.
Arbeidsoppgåver:- Målretta miljøarbeid, rettleiing, praktisk bistand og helsehjelp
- Dokumentasjon i fagjournal
- Bachelorutdanning vernepleie/sjukepleier.
- Gode norsk kunnskapar, skriftleg og munnleg
- God kjennskap til helse- og omsorgstjenesteloven kapitel 9.
- Førarkort klasse B
- Evne til samarbeid, men også kunne jobbe sjølvstendig
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Evne til nytenking og utvikling av tenesta
- Engasjert i fagleg utvikling, og interesse for brukargruppa
- Evne til å byggje relasjonar
Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagt
Anna:- Gyldig politiattest må førevisast dersom ein blir tilsett
- 12 helger pr år med lange vakter inntil 13,75 timar
Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Vi tilbyr:- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Ein gjevande og meiningsfull jobb
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling.
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Ingen krav til eigenkapital og opptil 100% finansiering av eigen bustad: Startlån for førstegangsetablerarar - Øygarden kommune
Fredrik Degerman, Avdelingsleiar Lyngheia, mobil 488 60 948
Kristin Straume, Einingsleier MMNF mobil 997 99 526
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
25.02.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6065250Se her for andre jobber fra Øygarden kommune