• Company
    Sunnfjord kommune
  • Application deadline
    02.10.2021
  • Form of employment
    workTime.Skift / turnus / arbeidstidsordning
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4085890
  • Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
  • Updated 23.09.2021
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Sunnfjord kommune

Helsefagarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Førde omsorgssenter er ein moderne sjukeheim. Langtidseininga har 28 plassar til brukarar med behov for langtidspleie. Her er brukarar med mange ulike diagnoser.

Vi har ein god arbeidsstad med høgt tempo og utfordrande og varierte arbeidsoppgåver. Vi jobbar saman i eit tverrfagleg miljø, med høg effektivitet og kvalitet. Hos oss får du kollegaer som vil at du skal trivast og ein jobb du kan føle deg trygg i. Våre nye medarbeidarar skal passe inn i dette miljøet, men samtidig vere sjølvstendige og ha gode evner til samarbeid og omstilling.

Her er mange faglege utfordringar å engasjere seg i. Vi er ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling i kommunane. I tillegg har vi fokus på fleire tiltak innan demensomsorg og velferdsteknologi. Vi er opptekne av fagleg kvalitet i tenstene våre og har difor støtteordningar for relevant vidareutdanning.

Vi har ledig: 
  • helgestillingar med arbeid kvar 3. helg. Stillingsstorleik er 14 %.
Krav til søkar:
  • autorisert helsefagarbeidar
  • samarbeidsvillig, fleksibel, løysingsorientert og påliteleg
  • gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Om du har interesse for eldreomsorga, men er ufaglært, kan du også søke. Vi har eigen lønsstige for sjukepleie- og vernepleiestudentar. Du vil då få tilbod om mellombels tilsetting. 

Vi legg vekt på at du:
  • har motivasjon for å jobbe innan eldreomsorg og evne til å tileigne deg ny kunnskap
  • er ein engasjert person som kan jobbe sjølvstendig og er trygg på eigne avgjerder
  • fungerer godt i team og har evne til å delegere oppgåver
  • likar å jobbe i relasjon med andre menneske og er oppteken av aktiv omsorg
  • er ansvarsbevisst og løysingsfokusert
  • er fleksibel og likar utfordringar
  • bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
Om stillingane:
  • utføre praktiske helsefagarbeidaroppgåver og observere tilstand og behov hos bebuar
  • samarbeide med bebuarar, pårørande
  • bidra aktivt til eit helsefremjande miljø
  • ansvar for dokumentasjon i fagprogrammet cosdoc.
Kva tilbyr vi deg?
  • pasientnært og fagleg fokus
  • godt arbeidsmiljø
  • god og tilstadeverande leiing
  • gode pensjon- og forsikringsordningar
  • tilsetting etter vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtale

 Oppgje referansar i søknaden.

Politiattest må leverast før start i stilling.

Du må søke elektronisk.

Om du ønsker å arbeide med eldre menneske i eit triveleg arbeidsmiljø er du velkommen som søkar!

 

  • Company
    Sunnfjord kommune
  • Application deadline
    02.10.2021
  • Form of employment
    workTime.Skift / turnus / arbeidstidsordning
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4085890
  • Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
  • Updated 23.09.2021