Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
16.05.2022Ansettelsesform
workTime.HelgBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Frekhaug
ALVER
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4584930Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 30.04.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Alver kommune
Helsefagarbeidar - 28% fast helgestilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Vi har ledig ein 28% fast stilling som helsefagarbeidar til fast helgestilling på Nordgardstunet ved Meland Sjukeheim. Det er arbeidstid annakvar helg.
Om Meland sjukeheim og avdeling Nordgardstunet
Meland sjukeheim har tre avdelingar, med fokus på dei som lever med demens, dei som treng langtidsopphald og dei som har rehabiliterings behov. Vår visjon er: Omsorg med livsglede og kompetanse.
Nordgardstunet er ei somatisk sjukeheimsavdeling med 22 pasientar som har ulike behov. Pasientane som er hos oss har fast plass og vi er særleg opptatt av å legge tilrette for livsglede for dei som har fått flytta heimen sin hit. Du vil få faglege utfordringar med koplekse sjukdomsbilde, og vi ønskjer gjerne at du skal ha brei sjukefagleg kompetanse/erfaring. Vi har eit godt arbeidsmiljø med lite utskiftning på faste tilsette, og mange som har heile stillingar.
Meland sjukeheim arbeider med å styrkje kvalitet på tenesta. Verkemiddel her er mellom anna arbeid med årsturnus og heiltidskultur. Vidare gjev arbeid med årsturnus høve til å påverka eigen ferie og fritid.
Arbeidsoppgåver
Som helsefagarbeidar vil du i samarbeid med kollegaene dine være med og organiserer arbeidsdagen til beste for pasientane på avdelinga. Du arbeider godt i team, men også sjølvstendig.
Kompetansekrav
- Godkjent autorisasjon som helsefagarbeidar
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Kven er du?
Vi søkjer etter ein fagleg dyktig person med genuint engasjement for eldreomsorg som vil bidra til å utvikle sjukeheimstenesta i kommunen vår. Du er ein god rollemodell som kan arbeide både sjølvstendig og i team. Du har gode samarbeids og kommunikasjonsevner, og bidrar til eit godt samarbeid med pårørande, kollegaer og andre.
Vi treng fleire mannlege kollegaer ved avdelinga vår, og menn vert derfor oppmoda om å søkje.
Vi tilbyr
- Løn og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Oppstart etter avtale
- Eit hyggelig arbeidsmiljø
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Bli kjent med Alver kommune
Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
16.05.2022Ansettelsesform
workTime.HelgBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Frekhaug
ALVER
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4584930Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 30.04.2022