• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    16.05.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Helg
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Frekhaug
    ALVER
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4584930
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 30.04.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Helsefagarbeidar - 28% fast helgestilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledig ein 28% fast stilling som helsefagarbeidar til fast helgestilling på Nordgardstunet ved Meland Sjukeheim. Det er arbeidstid annakvar helg. 

Om Meland sjukeheim og avdeling Nordgardstunet

Meland sjukeheim har tre avdelingar, med fokus på dei som lever med demens, dei som treng langtidsopphald og dei som har rehabiliterings behov. Vår visjon er: Omsorg med livsglede og kompetanse. 

Nordgardstunet er ei somatisk sjukeheimsavdeling med 22 pasientar som har ulike behov. Pasientane som er hos oss har fast plass og vi er særleg opptatt av å legge tilrette for livsglede for dei som har fått flytta heimen sin hit. Du vil få faglege utfordringar med koplekse sjukdomsbilde, og vi ønskjer gjerne at du skal ha brei sjukefagleg kompetanse/erfaring. Vi har eit godt arbeidsmiljø med lite utskiftning på faste tilsette, og mange som har heile stillingar.

Meland sjukeheim arbeider med å styrkje kvalitet på tenesta. Verkemiddel her er mellom anna arbeid med årsturnus og heiltidskultur. Vidare gjev arbeid med årsturnus høve til å påverka eigen ferie og fritid.

Arbeidsoppgåver

Som helsefagarbeidar vil du i samarbeid med kollegaene dine være med og organiserer arbeidsdagen til beste for pasientane på avdelinga. Du arbeider godt i team, men også sjølvstendig.

Kompetansekrav

  • Godkjent autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg

Kven er du?

Vi søkjer etter ein fagleg dyktig person med genuint engasjement for eldreomsorg som vil bidra til å utvikle sjukeheimstenesta i kommunen vår. Du er ein god rollemodell som kan arbeide både sjølvstendig og i team. Du har gode samarbeids og kommunikasjonsevner, og bidrar til eit godt samarbeid med pårørande, kollegaer og andre.

Vi treng fleire mannlege kollegaer ved avdelinga vår, og menn vert derfor oppmoda om å søkje.

Vi tilbyr

  • Løn og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk 
  • Oppstart etter avtale
  • Eit hyggelig arbeidsmiljø

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    16.05.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Helg
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Frekhaug
    ALVER
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4584930
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 30.04.2022