Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
03.05.2021Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3733746Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 15.04.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Øygarden kommune
Helsefagarbeidar, 2*75% fast stilling, Heimetenesta sone sør
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du den nye helsefagarbeidaren vår?
Er du helsefagarbeidar og ønskjer deg fast stilling, med gode kollegaer og varierte oppgåver? Vi søkjer etter deg som er engasjert, fleksibel og har fokus på høg kvalitet for brukarane våre.
Heimetenesta i Øygarden Kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i tre geografiske soner. Som helsefagarbeidar i heimetenesta vil du møta brukarar i alle aldrar og med stor variasjon i hjelpebehov. Du får høve til å utfordra, utvikla og tileigna deg mykje ny erfaring i eit miljø som er oppteken av å væra fagleg oppdatert. Me har fokus på å gje brukaren god livskvalitet, oppretthalde eigne ressursar og gje dei høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling/ tiltak.
Det vert no lyst ut etter 2 x 75% fast stilling for helsefagarbeidar i heimetenesta sone sør. 25% av stillinga er knytt til timebank.
Sone sør har sonekontor på Skogsvåg. Stillinga ligg i årsturnus.
Stillinga er ledig frå 01.09.2021
Arbeidsoppgåver:
- Yte fagleg forsvarleg teneste til brukarane
- Kartleggje behov, prioritera og iverksetje tiltak
- Dagleg miljøarbeid i eining
- Samarbeid med pårørande
- Arbeide tverrfagleg og dele din fagkunnskap
- Bidra til utvikling av tenesta og eit godt arbeidsmiljø
- Dokumentasjon i fagjournal
Kvalifikasjonar for stillinga:
- Autorisert helsefagarbeidar
- Det vil bli lagt vekt på personleg eignaheit
- Søkjar må ha gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
- Søkjar må ha førarkort for bil
- Erfaring frå arbeid i heimeteneste er ein fordel
- Krav om framlegg av politiattest
Me tilbyr:
- 75% fast stilling der 25% er knytt til timebank.
- Eit godt arbeidsmiljø, dyktige kollegaer og ein arbeidsplass der me kan leggje til rette for fagleg utfordringar og utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA bedrift.
Kontakt:
Einingsleiar Kate S Løland 95071121
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
03.05.2021Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3733746Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 15.04.2021