Ledig stilling

Askvoll kommune

Helsefagarbeidar - 100% fast stilling i medleverturnus

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet. Arbeidet gjeld ei kvinne med ulike helseutfordringar. Dei tilsette vil ha eit tett samarbeid med andre aktørar innanfor helse- og omsorgssektoren for å sikre ein heilskapleg tilnærming og oppfølging. Prosjektet har medleverturnus 2/7-2/7-3/7 og vi har ledig 100% fast stilling som helsefagarbeidar frå snarast.

Arbeidsoppgåver:

  • Stillinga gjeld arbeid med ei kvinne
  • Direkte tenesteyting i samsvar med vedtak, dagsplanar og rutinar
  • Kartlegge behov, iverksette og evaluere tiltak
  • Utføre oppgåver i samsvar med gjeldande krav til kvalitet og lovverk
  • Medverke til utvikling av godt arbeidsmiljø
  • Medisinansvar etter kompetanse
  • Etaten nyttar Acos CosDoc som dokumentasjonsverktøy, og naudsynt opplæring vil bli gjeve
  • Arbeid i medleverturnus med to og tre døgn samanhengande, og kvar 4. helg, etter 35,5 t/veke

Kvalifikasjonar:

  • Helsefagarbeidar
  • Vi søkjer etter trygge personar med god relasjonsevne
  • Det vert lagt stor vekt på erfaring frå tilsvarande brukargruppe
  • Personlege eigenskapar ot tilpassing til brukarens behov vil bli vektlagt
  • Må beherske norsk munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B


Personlege eigenskapar:

  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Er positiv, fleksibel og fagleg engasjert
  • Har evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg
  • Likar utfordringar og er løysingsorientert
  • Kan møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov på ein verdig og respektfull måte


Vi tilbyr: 

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
  • Lokalt tillegg på kr 20 000,- over garantiløn etter tariff for helsefagarbeidarar/omsorgsarbeidarar med fagbrev
  • Fagarbeidarar utan fagbrevet som er kravd men som har fagbrev på anna fagområde, vert plassert i stillingskode som assistent men løna som fagarbeidar ihht. tariff, jf. lønspolitisk plan
  • Tilsette som inngår individuell avtale om å arbeide to ekstra helgar per halvår, og vert innarbeidd i årsturnus får utbetalt ein bonus. Utbetalinga kjem i tillegg til ordinær løn etter faktisk arbeidd ekstra helg.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Politiattest av nyare dato vert krevd før start i stilling.

Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.