Ledigt jobb

Øygarden kommune

Helsefagarbeidar 100% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Pollhaugen er eit butiltak med 9 personar som bur i eigne bustader. Bebuarane har varierande hjelpebehov og diagnosar. Pollhaugen ligg sentralt i Straumeområdet, nær offentleg transport og kommunedelssenteret.

Målsettinga vår er å bidra til at kvar enkelt bebuar får ein aktiv og meiningsfull kvardag der trivsel, sjølvråderett og meistring står sentralt. Vi er ei tverrfagleg personalgruppe med vernepleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar og pleiemedarbeidarar

 

Arbeidsoppgåver:
  • Målretta miljøarbeid, rettleiing, praktisk bistand og helsehjelp
  • Dokumentasjon i fagjournal
  • Koordinering og tilrettelegging av tenester
  • Medisinsk løyve
  • Oppfølging av primærkontaktoppgåver, tenestemottakarar, pårørandekontakt, tiltaksplanar og kartlegging
  • Arbeid med autismevennleg tilnærming og kommunikasjon
  • God kjennskap til tvangsvedtak i tråd med helse- og omsorgstenestelova kapittel 9
Kvalifikasjonar:Må ha:
  • Godkjent utdanning som helsefagarbeidar. Utdanning innan barne- og ungdomsarbeiderfaget kan bli vurdert
  • God kunnskap om og erfaring frå arbeid med personar med autisme
  • God kunnskap om helse- og omsorgstenestelova kapittel 9
  • Erfaring med legemiddelhandtering
  • Evne til å koordinere, kartleggje og tilretteleggje tenester for personar med utviklingshemming
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Ønskjeleg med:
  • Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar: 
  • Evne til samarbeid, samstundes som du kan arbeide sjølvstendig
  • Evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø.
  • Evne til nytenking og utvikling av tenesta
  • Engasjement for fagleg utvikling og interesse for brukargruppa
  • Evne til å byggje gode relasjonar

Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagde.

Anna: 
  • Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.
  • Turnusen omfattar 12 helger per år med kombinasjon av langvakter og ordinære vakter, med vakter på inntil 13,5 timar. 
Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.