• Företag
    Alver kommune
  • Ansökningstiden
    13.04.2023
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5109351
  • Se här för andra jobb från Alver kommune
  • Uppdaterad 01.04.2023
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Alver kommune

Helsefagarbeidar - 100 % fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidar. Stillinga vil vere knytt til eit team som gjev tenester til ein ung brukar 24/7. Brukar har personale med seg på skule, i heimen og på avlastning. Det kan tilkomme vakter i ordinær heimetenesteavdeling dersom det ikkje er behov i teamet. Nokre i teamet har delar av stillinga i ordinær heimeteneste i tillegg til team, og andre heile stillinga si i team.

Om Knarvik Nord Aust heimeteneste

Teamet er organisert i Knarvik heimeteneste avdeling Nord/Aust. Avelinga er lokalisert i Knarvik i Geco-bygget. Avdelinga har tilsette som gjev tenester til heimebuande og til enkeltbrukarar med fast personale rundt seg. Dei tilsette består av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, heimehjelp og assistentar som til saman gjev gode tenester til sine brukarar. Avdelinga har fokus på fagleg kvalitet og eit godt arbeidsmiljø, og arbeidar tett saman med andre avdelingar i heimetenesta og tverrfagleg ut mot andre tenester.

Arbeidsoppgåver

Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Tenestene femnar m.a. om heimesjukepleie, heimehjelp, middagslevering og administrasjon av medisinar. Det er krav at utførte tenester vert dokumentert i Profil. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for bruakrane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta. 

I team skal ein utøve helsehjelp i tråd med fastlagte rutinar. 

Kompetanse

Krav til kompetanse

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Førarkort klasse B

Andre yrkesgrupper kan verte vurdert dersom relevant utdanning og erfaring.

Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som

  • har gode kommunikasjonsevner
  • ser løysingar framfor problem
  • likar å arbeide tverrfagleg
  • kan jobbe sjølvstendig, men samtidig fungere i teamarbeid
  • er trygg i utøving av ditt arbeid opp mot brukar/pårørande og kollegaer
  • har erfaring frå team

Ved tilsetjing vert personlege eigenskapar vektlagt.

Vi tilbyr

  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Dyktige kollegaer og høg kompetanse
  • Fagleg utvikling
  • Tilsetjing i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Årsturnus
  • Pensjonsordning gjennom KLP
  • Humor og humør

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

 

 

  • Företag
    Alver kommune
  • Ansökningstiden
    13.04.2023
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5109351
  • Se här för andra jobb från Alver kommune
  • Uppdaterad 01.04.2023