Company
Kvam HeradApplication deadline
01.03.2026Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
ApprenticeIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
Videregående skoleWork experience
Ikke påkrevetAddress
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6505971Look here for other jobs from Kvam Herad
Kvam Herad
Helse og Omsorg
Læreplass i helsearbeidarfagetOffentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du ha ein meiningsfull jobb der du får bruka deg sjølv i møte med andre menneske?
Kvam herad har ledige læreplassar frå hausten 2026. Kommunen er godkjent læreverksemd innan fleire ulike fag og samarbeider med Handalag opplæringskontor om lærlingeordninga. Det vil vera eit stort behov for helsefagarbeidarar i åra framover og Kvam herad satsar på rekruttering av lærlingar innan dette faget.
Det er til ei kvar tid omlag 15-20 helsefagarbeidarlærlingar under utdanning i kommunen. Det vert rekruttert nye lærlingar årleg - i hovudsak med 2-årig læretid, som TAF-lærling eller gjennom eit individuelt tilpassa opplæringsløp.
Kvam herad legg til rette for faste tilsette som ønskjer å kvalifisera seg som helsefagarbeidar. Det er krav om 5 års praksis i 100 % stilling for å kunne gå opp til fagprøve. I tillegg må du ta teorieksamen.
Generelle spørsmål om lærlingeordninga kan rettast til: Ingrid Rykkje Straumstein tlf. 404 505 08 ved Handalag Opplæringskontor.
Arbeidsoppgåver
- Varierte arbeidsoppgåver blant ulike pasient- og brukargrupper
- Praktisk hjelp og pleie til bebuarar i institusjon eller eigne heimar
Kvalifikasjonar
Ha interesse og motivasjon for fagfeltet du søkjer, og ha eigenskapar som gjer deg eigna
Alle som yter tenester etter helse og omsorgstenestelova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor leggja fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggjast ved søknaden.
Personlege eigenskapar
- Motivert og engasjert
- Open for å motta opplæring og rettleiing
- Serviceinnstilt og fleksibel
- Møter andre på ein respektfull og open måte
Vi tilbyr
- God fagopplæring i positive arbeidsmiljø
- Dyktige instruktørar som rettleiarar
- Arbeidsvilkår i samsvar med vanlege kommunale vilkår
Generell informasjon:
- Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
- I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Company
Kvam HeradApplication deadline
01.03.2026Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
ApprenticeIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
Videregående skoleWork experience
Ikke påkrevetAddress
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6505971Look here for other jobs from Kvam Herad