Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
26.09.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Ågotnes
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5346039Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 06.09.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Øygarden kommune
Helgestillinger ved Kvednatunet
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du vår nye kollega og ønsker å jobbe innen demensomsorg?
Ledige helgestillinger ved Kvednatunet
Vi har 5 x 20% helge stillinger, mulighet for høgare stilling ved timebank.
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 300 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
Om avdelinga:
Kvednatunet er ein omsorgsbustad med heildøgns tenester for demente. Huset består av 40 leilegheiter fordelt på 4 bufellesskap. Her er stor tverrfaglighet med lege 3 dagar i veka, sjukepleiarar, vernepleiar, helsefagarbeidar, miljøarbeidar og musikkterapeut med fleire for å prøve dekke bebuarane sine behov.
Arbeidsoppgåver:
- Heilskapleg omsorg
- Helsefaglege oppgåver som stell og pleie, heilskapleg omsorg, miljøarbeid
- Ivareta pasientene sine individuelle behov
- Dokumentasjon
- Rettleiing, undervisning og tverrfaglig samarbeid
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Autorisasjon som helsefagarbeidar, studentar innan helse, erfaring frå eldre omsorga
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Ønskjeleg med:
- Ønsker og jobba med demente
- Evne til å arbeida sjølvstendig og strukturert
- Du er engasjert og ansvarsbevisst
- Gode samhandlingsferdigheter
- Evne til å takla stress og hektiske situasjonar når det er naudsynt
- Fleksibel
- Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremme det positive
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Beate Lønningen, avdelingsleiar tlf 55096213 / 91673031
Elbjørg Landro, avdelingsleiar tlf 55096212 / 91673032
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
26.09.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Ågotnes
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5346039Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 06.09.2023