Ledigt jobb

Sunnfjord kommune

Helgestillingar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vassenden heimeteneste i Sunnfjord kommune yter hjelp og rettleiing til eldre, sjuke eller personar med funksjonsnedsetting som bur heime. Som ein del av vårt team vil du ha moglegheit til å lære av andre dyktige medarbeidarar og vere med å vidareutvikle tenesta vår. Dagane i tenesta er varierte, og det dukkar stadig opp situasjonar og utfordringar som må løysast. Personalgruppa har fokus på eit godt fag- og arbeidsmiljø.

Vi har ledig:
  • faste 14 % helgestillingar

Stillingane er i 2-delt turnus med arbeid annankvar, eller 3 kvar helg.

Kvalifikasjonar:
  • har norsk autorisasjon som sjukepleiar eller fagbrev som helsefagarbeidar
  • sjukepleiarstudentar
  • beherskar norsk godt - både munnleg og skriftleg
  • har grunnleggande datakunnskapar - vi nyttar fagprogrammet Cosdoc

Ufaglærte med interesse for faget er også velkomne til å søke. Du vil då få tilbod om mellombels tilsetting.

Vi søker etter deg som:
  • har interesse og engasjement for fagfeltet
  • har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • er løysningsorientert, endringsvillig og positiv
  • er strukturert, ansvarsbevisst og trygg på eigne avgjersler
  • er fleksibel og likar utfordringar
  • har evne til å tileigne deg ny kunnskap og bidra til tenesteutvikling
  • bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
Kva tilbyr vi?
  • engasjerte kollegaer og leiarar og eit inkluderande og drivande godt arbeidsmiljø
  • Pasientnært og fagleg fokus
  • Faglege utfordringar
  • ein arbeidsplass du kan vere stolt av
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • eigen lønsstige for sjukepleiestudentar

Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Gyldig politiattest av nyare dato må leverast før tilsetting. 

Du søker elektronisk

Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!