Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Sunnfjord kommune

Helgestillingar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Arbeidsstaden er Skjerma eining ved Førde Omsorgssenter. Eininga har 28 plassar fordelt på 2 avdelingar. Skjerma eining er for deg som har interesse for aldersdemens  og eldreomsorg. Vi ønskjer å vere ei teneste med eit framtidsretta fokus, der fagutvikling står sentralt. Vårt fokus er at bebuaren skal få god oppfølging og kjenne seg trygg.

Avdeling 1:

16 plassar til personar med demenssjukdom. Kognitiv svikt er bebuaren si største utfordring.

Avdeling 2:

Er ei open avdeling der det bur 12 bebuarar. Denne avdelinga har større pleietyngd.

Begge avdelingane har fokus på miljøarbeid, personsentrert omsorg og at bebuar skal oppleve livskvalitet i trygge rammer.  

Vi har ledig 14-20 % helgestillingar og søker deg som:
  • er autorisert sjukepleiar/vernepleiar eller helsefagarbeidar
  • har motivasjon for å jobbe innan eldreomsorga, og evne til å tileigne deg ny kunnskap
  • er ein engasjert person som kan jobbe sjølvstendig og er trygg på eigne avgjerder
  • fungerer godt i team og har evne til å delegere oppgåver
  • likar å jobbe i relasjon med menneske og verer oppteken av aktiv omsorg
  • er ansvarsbevisst og løysingsfokusert
  • er fleksibel og likar utfordringar
  • bidrar til eit positivt og godt arbeidsmiljø
  • behersker godt norsk

Dersom det ikkje melder seg søkarar med relevant utdanning til stillingane kan andre med kunnskap og interesse for eldreomsorg søke. Du vil då få tilbod om mellombels tilsetting. Vi oppmodar sjukepleie/vernepleiestudentar til å søke! 

Omtale stillingane:
  • utføre praktiske oppgåver, observere tilstand og behov hos brukar
  • samarbeide med brukarar, pårørande, fastlege og spesialisthelsetenesta
  • ansvar for dokumentasjon i fagprogrammet cosdoc

Stillingane er organisert med dag/sein vakt.

Kva tilbyr vi?

Eininga har mange faglege utfordringar å engasjere seg i. Vi har fokus på fleire tiltak innan demensomsorg og velferdsteknologi. Vi er ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre. Vi  jobbar saman i eit tverrfagleg miljø, med høg effektivitet og kvalitet. Hos oss får du kollegaer som vil du skal trivast, og ein jobb du kan føle deg trygg i. 

Politiattest av nyare dato må leverast til leiar før start i stilling.

Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!