Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
20.08.2022Form of employment
workTime.Skift/turnusIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4709883Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
- Updated 27.07.2022
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Sunnfjord kommune
Helgestillingar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Ønsker du ein aktiv arbeidskvardag med engasjerte kollegaer og leiarar? Då er Vassenden heimeteneste arbeidsplassen for deg!
Vassenden heimeteneste har rundt 110 brukarar i alle aldersgrupper, med hovudvekt av eldre. Dei bur i omsorgsbustad eller i eigen heim ute på bygda. I heimetenesta er ingen dagar like, og det dukkar stadig opp nye situasjonar og utfordringar som må løysast. Ved å jobbe i heimetenesta får du kontinuerlig fagutvikling og moglegheit til å tileigne deg ein unik breiddekompetanse. Jobb i heimetenesta passar for deg som likar utfordringar og variasjon i arbeidsoppgåvene. Du må vere trygg på deg sjølv og like å jobbe sjølvstendig, samtidig som du er ein del av eit tverrfaglig miljø. Du er positiv, glad i nye utfordringar og ynskjer å utvikle din fagkompetanse.
Vi har ein positiv og støttande personalgruppe som ynskjer fleire på laget. Vi utfyllar kvarandre og gjer kvarandre gode. Om du er nyutdanna eller har årevis med erfaring lovar vi å ta godt vare på deg!
- helgestillingar - 14 % fast stilling
Arbeidstid er 2-delt turnus med arbeid kvar 3. helg.
Krav til søkar:- autorisert helsefagarbeiar
- samarbeidsvillig, fleksibel, løysingsorientert og påliteleg
- gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Dersom det ikkje melder seg søkarar med relevant utdanning kan andre med kunnskap og interesse for eldreomsorga søke. Sjukepleiestudentar har eigen lønsstige med stigande løn under studiet. Ufaglærte vil få tilbod om mellombels tilsetting.
Vi søker deg som:- har erfaring frå liknande arbeid
- har motiviasjon for å jobbe innan eldreomsorga
- varierte arbeidsoppgåver
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Du søker elektronisk. Oppgje referansar i søknaden.
Politiattest må leverast før start i stilling.
Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
20.08.2022Form of employment
workTime.Skift/turnusIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4709883Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
- Updated 27.07.2022