Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
16.12.2022Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4250116Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
- Updated 02.12.2021
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Sunnfjord kommune
Helgestillingar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du helsefagarbeidar eller student innan helse-og sosialfag og har lyst på ein lærerik og spanande jobb?
Vi søker deg som trivst med å arbeide med menneske, som både likar sjølvstendig arbeid og samstundes trivst med å jobbe tett saman med andre. Vi har fleire ledige helgestillingar og stillingar som tilkallingsvikarar.
Førde heimeteneste, eining 1, held til på Førde omsorgssenter. Vi yt tenester innan heimesjukepleie, heimehjelp, matombringing og velferdsteknologi til bebuarar i om lag 70 omsorgsbustadar knytt til Førde omsorgssenter. Eininga har om lag 34 årsverk.
Vi arbeider tett saman som kollegaer i omsorgsbustadene, men også mykje sjølvstendig. Heimetenesta har fokus på implementering av velferdsteknologi. Vi er ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling i kommunen. I tillegg har vi fokus på fleire tiltak innan demensomsorg. Vi ønsker å vere ei levande teneste med framtidsretta fokus der vi saman skal yte gode tenester til innbyggarane våre! Vi ønsker å finne dyktige tilsette som vil vere med på dette.
Vi har fleire ledige stillingar for helsefagarbeidarar i 14 % helgestilling, og for tilkallingsvikarar.Stillingane inneheld ein variert arbeidskvardag der ein følger opp ulike brukarar som bur heime i omsorgsbustad. Det er gode moglegheiter for ekstravakter i helgestillingane. Stillingane er for tida i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg.
Krav til søkar:- norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- må kunne beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg
- har interesse for å yte omsorg
- er engasjert og positiv
- har motivasjon og evne til å tileigne deg ny kunnskap
- har stor arbeidskapasitet
- bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø
- har gode ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling
- har kjennskap til data. Vi nyttar fagprogrammet Cosdoc
- er endringsvilleg og løysningsorientert
- er fleksibel
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Dersom det ikkje melder seg søkarar som er autoriserte helsefagarbeidarar, kan andre med kunnskap og interesse for arbeid med omsorg, stell, pleie og praktisk bistand til menneske med ulike hjelpebehov vere aktuelle. Dei vil då få tilbod om mellombels tilsetting. Sjukepleie- og vernepleiestudentar har eigen lønsstige med stigande løn. Sjukepleiestudentar blir prioriterte.
Kva kan vi tilby?- engasjerte kollegaer og leiarar som vil utvikle Førde heimeteneste vidare
- eit inkluderande arbeidsmiljø
- pasientnært fokus med varierte arbeidsdagar
- sjølvstendig arbeid
- nærleik til medarbeidarane dine
- god pensjons- og forsikringsordning
- eventuell relevant tilleggsutdanning kan gje kompetansetillegg
- samarbeid med Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester (USHT)
Politiattest må leverast før start i stilling. Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
16.12.2022Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4250116Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
- Updated 02.12.2021