• Företag
    Førde Kommune
  • Ansökningstiden
    20.10.2019
  • Anställningsform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    2136686
  • Se här för andra jobb från Førde Kommune
  • Uppdaterad 03.10.2019
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Førde Kommune

Helgestillingar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om oss

Bu- og miljøtenesta yt døgnkontinuerlig tenester til personar med psykisk utviklingshemming og som elles treng langvarige og koordinerte tenester. Tenesta har 35 årsverk, fordelt på 55 tilsette. Desse har utdanning som vernepleiar, sjukepleiar, sosionom, barnevernspedagog, ergoterapeut, helsefagarbeidar og assistentar.

Dei tilsette er delt i 2 personalgrupper. Personalbasane er tett knytt opp til omsorgsbustader, men over halvparten av dei som tek i mot tenester frå oss bur andre stader i Førde.

Vi yt tverrfaglege tenester som inneber støtte og opplæring knytt til dagleglivet sine funksjonar som, hygiene, ernæring og sosiale ferdigheiter. Støtta inneber også hjelp til å handtere og meistre somatiske og psykiske vanskar.

Vi har ledig:
  • 25 % helgestillingar, faste

Stillingane er for tida organisert hos tenestemottakar med 1:1 bemanning

Vi søker etter deg som:
  • er autorisert sjukepleiar, helsefagarbeidar eller vernepleiar
  • har ønske og glede av å arbeide med menneske med ulike behov
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • har evne til å arbeide i team likegodt som sjølvstendig.
  • er fleksibel, løysningsorientert og påliteleg
  • har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • har evne til å reflektere og stimulere til god etisk praksis
  • har førarkort klasse B

Vi oppmodar sjukepleie- og vernepleiestudentar, samt andre med erfaring eller interesse for denne type arbeid om å søke. Dei som ikkje har relevant utdanning vert tilsett i mellombelse stillingar.

Stillingane er organisert med langvakter med arbeid kvar 3. helg. Den eine arbeidshelga er langvakter på dagtid. Den neste arbeidshelga er seinvakter med kvilande natt.

Vi ønsker at du har:
  • kjennskap til data. Vi nyttar fagprogrammet Gerica
  • erfaring med denne typen arbeid

Vi kan tilby studentar som tek sjukepleie- eller vernepleieutdanning eigen lønsstige med stigande løn undervegs i studiet.

Politiattest av nyare dato må leverast før start i stilling. Attestar og vitnemål tar du med deg til eit eventuelt intervju.

Tilsetting i stillingane snarast eller etter avtale.

Velkomen som søkar!

 

 

  • Företag
    Førde Kommune
  • Ansökningstiden
    20.10.2019
  • Anställningsform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    2136686
  • Se här för andra jobb från Førde Kommune
  • Uppdaterad 03.10.2019