Company
Førde KommuneApplication deadline
20.10.2019Form of employment
workTime.Skift/turnusIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorwayNumber of positions
1Career-kode
2136686Look here for other jobs from Førde Kommune
- Updated 03.10.2019
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Førde Kommune
Helgestillingar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om oss
Bu- og miljøtenesta yt døgnkontinuerlig tenester til personar med psykisk utviklingshemming og som elles treng langvarige og koordinerte tenester. Tenesta har 35 årsverk, fordelt på 55 tilsette. Desse har utdanning som vernepleiar, sjukepleiar, sosionom, barnevernspedagog, ergoterapeut, helsefagarbeidar og assistentar.
Dei tilsette er delt i 2 personalgrupper. Personalbasane er tett knytt opp til omsorgsbustader, men over halvparten av dei som tek i mot tenester frå oss bur andre stader i Førde.
Vi yt tverrfaglege tenester som inneber støtte og opplæring knytt til dagleglivet sine funksjonar som, hygiene, ernæring og sosiale ferdigheiter. Støtta inneber også hjelp til å handtere og meistre somatiske og psykiske vanskar.
Vi har ledig:- 25 % helgestillingar, faste
Stillingane er for tida organisert hos tenestemottakar med 1:1 bemanning
Vi søker etter deg som:- er autorisert sjukepleiar, helsefagarbeidar eller vernepleiar
- har ønske og glede av å arbeide med menneske med ulike behov
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- har evne til å arbeide i team likegodt som sjølvstendig.
- er fleksibel, løysningsorientert og påliteleg
- har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- har evne til å reflektere og stimulere til god etisk praksis
- har førarkort klasse B
Vi oppmodar sjukepleie- og vernepleiestudentar, samt andre med erfaring eller interesse for denne type arbeid om å søke. Dei som ikkje har relevant utdanning vert tilsett i mellombelse stillingar.
Stillingane er organisert med langvakter med arbeid kvar 3. helg. Den eine arbeidshelga er langvakter på dagtid. Den neste arbeidshelga er seinvakter med kvilande natt.
Vi ønsker at du har:- kjennskap til data. Vi nyttar fagprogrammet Gerica
- erfaring med denne typen arbeid
Vi kan tilby studentar som tek sjukepleie- eller vernepleieutdanning eigen lønsstige med stigande løn undervegs i studiet.
Politiattest av nyare dato må leverast før start i stilling. Attestar og vitnemål tar du med deg til eit eventuelt intervju.
Tilsetting i stillingane snarast eller etter avtale.
Velkomen som søkar!
Company
Førde KommuneApplication deadline
20.10.2019Form of employment
workTime.Skift/turnusIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorwayNumber of positions
1Career-kode
2136686Look here for other jobs from Førde Kommune
- Updated 03.10.2019