• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    10.04.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5075353
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 18.03.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Helgestilling - 6,61% eller 31,92% fast - Storhaugen bufellesskap

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Storhaugen bufellesskap har no ledig to faste helgestillingar som assistent. Det er og mogleg å påta seg vikarvakter i ferier og helger. 

Om Storhaugen bufellesskap

Storhaugen bufellesskap ligg sentralt i Knarvik, og er ein bustad for 7 personar med ulike bistandsbehov. Målet er å gje tenester av høg kvalitet for å sikre ein best mogleg kvardag for den einskilde. Det er eit godt arbeidsmiljø, og dei tilsette har sterkt engasjement for bebuargruppa.

Arbeidsoppgåver

  • Miljøarbeid, råd og rettleiing, samt helse – og omsorgstenester til personar med utviklingshemming
  • Leggje til rette for aktivitetar og for at kvar einskilde skal kunne meistre eigen kvardag
  • Følgje opp rutinar
  • Dokumentere i pasientjournalsystemet Profil 

Krav til kompetanse

  • Sertifikat klasse B
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

Det er eit føremon om du har erfaring frå brukargruppa.

Personlege eigenskapar

Du er engasjert og empatisk, og har evne til å sjå den einskilde brukar. Du kan by på deg sjølv og bidrar til eit godt arbeidsmiljø. Du er faglig engasjert og reflektert, og kan prioritere i ein travel kvardag.  Du har eit ønskje om å gjere ein positiv forskjell i andre sitt liv. 

Vi tilbyr

  • Løn etter gjeldande tariffavtale
  • God pensjonsordning
  • Personleg og fagleg utvikling
  • Ein variert arbeidskvardag med interessante faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt. 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    10.04.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5075353
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 18.03.2023