Företag
Sunnfjord kommuneAnsökningstiden
03.07.2021Anställningsform
workTime.HelgBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
3931146Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
- Uppdaterad 15.06.2021
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Sunnfjord kommune
Helgestilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Førde omsorgssenter er ein moderne sjukeheim. Vi har eit godt fagmiljø med mange dyktige og engasjerte medarbeidarar.
Langtidseininga har 28 plassar til brukarar med behov for langtidspleie. Her er brukarar med mange ulike diagnoser. Vi har ein god arbeidsstad med høgt tempo og utfordrande og varierte arbeidsoppgåver. Om du ønsker å arbeide med eldre menneske i eit triveleg arbeidsmiljø er du velkomen som søkar!
Vi har ledig følgande helgestilling- 14 % stilling som helsefagarbeidar på helg, kvar 3. helg.
- autorisert helsefagarbeidar
- samarbeidsvillig, fleksibel, løysingsorientert og påliteleg
- gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Om du har interesse for eldreomsorga men er ufaglært, kan du også søke. Vi har eigen lønsstige for sjukepleie- og vernepleiestudentar. Du vil då få tilbod om mellombels tilsetting.
Vi legg vekt på at du:- har motivasjon for å jobbe innan eldreomsorg og evne til å tileigne deg ny kunnskap
- er ein engasjert person som kan jobbe sjølvstendig og er trygg på eigne avgjerder
- fungerer godt i team og har evne til å delegere oppgåver
- likar å jobbe i relasjon med andre menneske og er oppteken av aktiv omsorg
- er ansvarsbevisst og løysingsfokusert
- er fleksibel og likar utfordringar
- bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
- utføre praktiske helsefagarbeidaroppgåver og observere tilstand og behov hos bebuar
- samarbeide med bebuarar, pårørande
- bidra aktivt til eit helsefremjande miljø
- ansvar for dokumentasjon i fagprogrammet cosdoc.
Vi er ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre. Vi jobbar saman i eit tverrfagleg miljø, med høg
effektivitet og kvalitet. Hos oss får du kollegaer som vil du skal trivast og ein jobb du kan føle deg trygg i.
Våre nye medarbeidarar skal passe inn i dette miljøet, men samtidig vere sjølvstendige og ha gode evner til
samarbeid og omstilling.
Her er mange faglege utfordringar å engasjere seg i. Vi er ein del av ressurssjukepleiarnettverket for
kreftomsorg og lindrande behandling i kommunane. I tillegg har vi fokus på fleire tiltak innan demensomsorg
og velferdsteknologi. Vi er opptekne av fagleg kvalitet i tenstene våre og har difor støtteordningar for
relevant vidareutdanning.
Oppgje referansar i søknaden.
Politiattest må leverast før start i stilling.
Om du ønsker å arbeide med eldre menneske i eit triveleg arbeidsmiljø er du velkommen som søkar!
Företag
Sunnfjord kommuneAnsökningstiden
03.07.2021Anställningsform
workTime.HelgBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
3931146Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
- Uppdaterad 15.06.2021