• Company
    Vestnes kommune
  • Application deadline
    23.11.2020
  • Form of employment
    workTime.Skift/turnus
  • Industry
    Offentlig forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Vestnes
    VESTNES
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3192870
  • Look here for other jobs from Vestnes kommune
  • Updated 01.10.2020
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Vestnes kommune

Helgavakt og Tilkallingsvikarar

Offentlig forvaltning

Stillingstype
Vi har behov for tilkallingsvikarar og personar som kan tenke seg å arbeide på helg i Helse- og omsorg. Tenestestadane er Vestnes sjukeheim, Heimetenestene, Hellandtunet og Bu- og habiliteringstenestene. Helgavaktstillingane har varierande stillingstorleik frå 10 til 25 % med arbeid 2. kvar eller 3 kvar helg. 

Søkjarar vil bli fortløpande vurdert og kontakta. 

Arbeidsoppgåver
- ivaretaking av tenestemottakarens behov for omsorg og innhald i kvardagen
- utføre arbeid og rutiner og gjennomføre prosedyrer i tråd med aktuelt lovverk, dagsplaner, miljøreglar og oppfølging av desse
- delta i gjennomføring og evaluering av tiltak med bruk av tvang med heimel i Helse- og omsorgstenestelova kap. 9
- ivareta krav i høve dokumentasjon
- legemiddelhåndtering

Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter deg som er autorisert helsefagarbeidar, hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar.  Dersom vi ikkje får nok søkjarar med fagkompetanse kan ufaglærte verte tilsett.
- du må kunne tilegne deg kunnskap om gjeldande lovverk for tenesteytinga, særskilt Helse- og omsorgstenestelova kap.9
- det er ønskeleg med kunnskap/erfaring frå arbeid med personar med psykisk utviklingshemming, eldre/geriatri og psykisk helse
- beherske målretta miljøarbeid og kunne legge til rette for ein aktiv kvardag i og utanfor heimen
- det er ønskjeleg med erfaring frå målretta miljøarbeidarbeid i Norge
- det er ønskeleg med kompetanse i handtering av utfordrande atferd
- datakunnskap
- relevant praksis
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er bestått norsk på nivå B1/B2
- ha gode kommunikasjonsevne
- du må ha førarkort kl B

Personlege eigenskapar
- du må være fagleg engasjert
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna
- ha godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø

Vi tilbyr 
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- løn etter gjeldande avtaleverk
- tilsette med relevant fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet, begynnarløna vert med 4 års ansiennitet
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale

Kontaktpersonar:
Heimetenestene: Elisabeth Sylte
Vestnes sjukeheime: Helene Bø
Hellandtunet: Hilde Eiken
Bu- og habilitering: Ina Killingrød Greve 

Tilsettingsvilkår

Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader. Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referanser
Oppgi referanser.

Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrer din CV  i søknadsskjemaet.  Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentliggjort.
 


 

  • Company
    Vestnes kommune
  • Application deadline
    23.11.2020
  • Form of employment
    workTime.Skift/turnus
  • Industry
    Offentlig forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Vestnes
    VESTNES
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3192870
  • Look here for other jobs from Vestnes kommune
  • Updated 01.10.2020