• Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    22.03.2026
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6546555
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune
Vacancy

Sogndal kommune

Heimehjelp i heimetenesta i Sogndal

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Dette er jobben for deg som trivst i møte med menneske, likar å arbeide sjølvstendig og vil ha ein arbeidsdag der du ser at det du gjer har verdi. 

Me søkjer no etter heimehjelp i heimetenesta: 

  • 100 % fast stilling 

  • 50 % fast stilling 

  • Dagstilling 

Om rolla 
Som heimehjelp gir du praktisk bistand til personar som bur heime og treng støtte for å meistre kvardagen. Du bidreg til tryggleik, struktur og gode rutinar. Samstundes er du ein del av eit større lag i heimetenesta, der me samarbeider tett med heimesjukepleie og andre faggrupper. 

Du arbeider mykje sjølvstendig, men du står aldri åleine. Me har fokus på fagleg kvalitet, respektfulle møte og ein føreseieleg kvardag for både brukarar og tilsette. 

Arbeidsoppgåver 

  • Praktisk bistand i heimen, som reinhald, klesvask og enkle matrelaterte oppgåver 

  • Observasjon og formidling av endringar i brukaren sin situasjon 

  • Bidra til struktur og meistring i kvardagen 

  • Samarbeid med kollegaer og eventuelt pårørande 

Kven ser me etter? 
Me ser etter deg som: har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftlegArbeider strukturert, sjølvstendig og tek ansvarMøter ulike menneske med respekt og medmenneskelegheit, og har førarkort klasse B. 

Du treng ikkje formell utdanning for å søkje. Har du erfaring frå arbeid med menneske, er det positivt, men det viktigaste er kven du er i møte med andre. Personlege eigenskapar vert vektlagde. Me ser etter deg som er til å stole på, held avtalar og ønskjer å gjere ein forskjell i det stille, i det daglege. 

Me tilbyr
Grundig opplæring og støtte i arbeidetsjøvsagt. Du får varierte arbeidsdagar og vert ein del av eit fagmiljø der me samarbeider tett 
Løn etter gjeldande tariff, samt gode pensjons- og forsikringsordningar. 

Søknad skal sendast via EasyCruit. Berre søknadar som kjem inn gjennom søknadssystemet vert vurderte. 

Litt om oss 
Sogndal kommune har om lag 12 000 innbyggjarar og kring 1300 medarbeidarar. Me er ein kunnskapsbasert og framtidsretta kommune som arbeider for gode tenester og levande lokalsamfunn. Hos oss får du vere med og bidra der folk bur og lever liva sine. 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette speglar folkesetnaden elles. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsspråket i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjorde med ei prøvetid på seks månader. 

I tråd med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjorde, sjølv om du ber om unntak. Du blir varsla før eventuell offentleggjering. 

 

  • Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    22.03.2026
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6546555
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune