Company
Sogndal kommuneApplication deadline
06.06.2023Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5204978Look here for other jobs from Sogndal kommune
- Updated 24.05.2023
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Sogndal kommune
Heimehjelp
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sogndal kommune, Heimetenestene avdeling Sogndal.
Me ynskjer fleire dyktige medarbeidara til teamet vårt i heimesjukepleien.
No er det ledige stillingar, og vi håpar du vil bli vår nye kollega. Som medarbeidar i heimesjukepleien vert du del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Vi bryr oss om våre tilsette, og at dei skal ha det godt og trivast på arbeid. Dei som vert tilsett vil difor sjølvsagt få tett oppfølging og god opplæring, og vil bli tatt godt imot.
Me har stor bredde i oppgåvene og i brukargruppa. Det er eit godt tverrfagleg samarbeid i tenesta, god dialog, gode teknologiske løysingar og fokus på meistring og tryggleik til brukarane våre. Me legg til rette for at flest mogleg kan bu lengst mogleg i eigen heim. Hjå oss får du arbeida både sjølvstendig og i team, saman med dyktige kollegaer.
Om stillinga:
Heimetenesten avdeling Sogndal har ledig 1 års vikariat stilling som heimehjelp 80% og 20% med arbeid kvar 3. helg i heimetenesten, oppstart snarast.
Arbeidsoppgåver:
· Reinhald i brukar sin heim utifrå vedtak
· Handling, tilsyn og einskilde heimesjukepleieoppgåver
· Ansvarsfull og serviceinnstilt
Kvalifikasjonar:
· Krav om førarkort KL. B
· Beherske norsk, skriftleg og munnleg
· Erfaring frå tilsvarande arbeid vert vektlagt
· Trives med å jobbe med mennesker
Personlege eigenskapar:
· Løysningsfokusert
· Utadvendt
· Evne til samarbeid, kommunikasjon og omstilling
· Fleksibel
· Personlege eigenskapar vil verte vektlagde
Me tilbyr:
· Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
· Gode pensjons- og forsikringsordningar
· Gode velferdsordningar
· Godt fagleg miljø
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Company
Sogndal kommuneApplication deadline
06.06.2023Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5204978Look here for other jobs from Sogndal kommune
- Updated 24.05.2023